Hopp til innhold

Her gjekk hasjhandelen i vasken

Med politiet på hjul tømde mannen bilen for hasj, med unntak av 37 gram han hadde kinderegg i magen. Så krasja han, vart skadd og pågripen. No har han fått sin 11. dom.

Stakk av frå Up, krasja med gravemaskin på Skei.

BOM STOGG: Mannen var i prøvetida for sin 10. dom sidan 2012 då han vart pågripen ved Skei i Jølster. No er han dømd til eitt og eit halvt år fengsel for fleire narkotika- og vinningslovbrot.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det hadde si forklaring då kjøparen ikkje fekk hasjen som avtalt, og heller aldri fekk svar hos seljaren.

For verken varene eller seljaren, ein mann i 20-åra, kom lenger enn til Skei i Jølster.

Kasta hasjen

Det var i mai i fjor at politiet fatta mistanke til bilen med ulike kjennemerke. I staden for å følgje signal om å stogge, bestemte bilføraren seg for å stikke av.

Ved eit veganleggsområdet vart det stogg. På våt veg og med dårlege dekk kasta slengde han hasjleveransen ut sidevindauget .

Då mista han også kontroll på bilen og krasja i ei gravemaskin . Mannen vart skadd i ulykka.

Sjølv erkjende han å ha kasta ei hasjplate på 100 gram. Denne vart funnen, men politipatruljen som låg på hjul meinte å sjå to plater i luftige svev frå bilen.

– Vi ser ikkje vekk ifrå at vi ikkje har funne alt, sa regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, til NRK.

Hasj i magen

Den siste hasjplata vart ikkje funnen. Kommunikasjonen mannen hadde med kjøpar, overtydde likevel retten om at det var to hasjplater i bilen.

Mannen hadde ytterlegare 37 gram hasj, fordelt på tre kinderegg i magen.

Blodprøve viste små spor frå bruk av narkotika, men ikkje nok til at retten meinte han var påverka under køyringa.

Tiltalt for 3,6 kilo

Politiet ville ha mannen dømd for langt meir enn 237 gram hasj.

Månader etter at han slapp fri frå varetekt, vart han pågripen med 100 gram amfetamin og fengsla på nytt. Stoffet hevda han å skulle levere tilbake til ein som gløymte det att under eit besøk.

Ut frå etterforskinga meinte politiet at mannen kjøpte 3,6 kilo hasj i tida før ulukka.

Fann 70.000 kroner

Også her vart kommunikasjon med andre brukt som bevis, samt ein boks med nær 70.000 kroner som dei fann heime hos mannen.

Sjølv hevda han at dette var lovlege pengar, noko verken retten eller politiet festa lit til. Retten dømde likevel mannen for å ha kjøpt langt mindre hasj enn politiet hevda.

Mannen erkjende det aller meste. Også fartsoverskriding, butikktjuveri, narkotikabruk og for å ha køyrt bil utan førarkort.

11. dom på seks år

Mannen fekk tre månader strafferabatt, men vart dømd til eitt år og seks månader i fengsel. 227 dagar i varetekt kjem til frådrag.

Dette var hans 11. dom sidan 2012.

– Historikken viser at tiltalte sine tidlegare vilkårslaus fengselsstraffer og andre straffereaksjonar, (...) ikkje har vore tilstrekkeleg til å få tiltalte til å avstå frå å ruse seg og halde fram si kriminelle løpebane, skriv tingrettsdommar Walter Høivik.