Hopp til innhold

Denne haien lever i djupna – her ligg 1000 av dei stranda lengst inne i Sognefjorden

Ekteparet vart veldig overraska over synet som møtte dei på den vesle steinstranda ved Naddvik i Årdal. På eit lite område låg rundt 1000 daude svarthå.

Daud svarthå låg i hopetal i fjæra i Naddvik

SKYLT PÅ LAND: Men ingen kan gje ei god forklaring på kvifor.

Foto: Inger Karin Dyrnesli

– Dette er jo ein hai som lever på djupa, så dette er veldig merkeleg, seier Terje Sandvik.

Han var saman med kona Inger Karin Dyrnesli då dei kom over dei daude svarthåane. Svarthåen er ein liten hai som til vanleg lever på nesten 2500 meters djup, men om vinteren blir den ofte observert på berre 15 til 20 meters djup.

Det same skjedde for to år sidan

Sandvik og Dyrnesli var på tur med hunden då dei kjente ein snek av rotten fisk og oppdaga dei mange hundre daude haiane på stranda.

– Dei som ligg her er rundt 30–40 centimeter lange. Dei ligg på eit område på vel 15 meter.

– Kva trur du kan ha skjedd?

– Det er veldig vanskeleg å svare på, seier Sandvik.

For nesten akkurat to år sidan, i februar 2016, vart det same fenomenet oppdaga i fjøresteinane i Undredal i Aurlandsfjorden, fleire mil lenger sørvest. I fleire omgangar oppdaga bygdefolket fleire hundre svarthå som var skylt opp på land.

– Dette har eg aldri høyrt om, sa Ole Thomas Albert ved Havforskingsinstuttet til NRK.no den gong.

Rundt 1000 daude svarthå på ei steinstrand i Naddvik

DAUDE: Svarthåen som blei funnen på stranda i Naddvik er vel 30–40 centimeter lange, fortel ekteparet som oppdaga dei.

Foto: Inger Karin Dyrnesli

– Pussig

Ole Thomas Albert i Havforskingsinstituttet

VEIT IKKJE ÅRSAKA: Ole Thomas Albert er forskingsleiar for djuphavsartar og bruskfisk ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Privat

Forskarane grubla den gong fælt på det ukjende fenomenet, utan å kome nærare noko eintydig svar på kvifor det hadde skjedd.

Når NRK ringer Albert i dag fortel han at dei ikkje har noko betre forklaring no heller.

– Vi har ikkje gjort studiar på dette, så vi veit ikkje noko meir no enn sist gong, seier Albert som meiner funnet er både pussig og interessant.

– Eg skal ta med meg dette inn i arbeidet vårt. Kanskje må vi vurdere om vi skal sjå nærare på dette.

Vil ta prøver av svarthåen

Etter funna av daud svarthå i fjæra i Undredal for to år sidan, vart det sendt inn prøver til Veterinærinstituttet i Bergen.

Kari Norheim er seksjonsleiar der. Ho har ikkje papira framfor seg, men slik ho hugsar det fann dei den gong ingenting som kunne forklare kva som hadde skjedd med haien.

– Vi har veldig lyst å få inn eksemplar av fisken, slik at vi kan ta prøver for å prøve å finne ut kva som har skjedd, seier Norheim til NRK søndag ettermiddag.

Ho seier folk kan ta kontakt med dei på Veterinærinstituttet for å avtale innsending av prøver.

Svarthå