Hopp til innhold

Dei vil vise veg for framtidas energikjelde

FØRDE (NRK): Fem kommunar har no samla krefter for å sitje i førarsetet når Hydrogen-toget går for fullt.

Hydrogensamling

I går møttest representantar frå fem kommunar til eit oppstartsmøte av det som vert kalla Hydrogenprosjektet i kommunane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For Høyanger, Florø, Selje, Eid og Bremanger kommunar meiner tida vil komme, der marknaden vil ha hydrogen som berekraftig energikjelde.

I går møtte dei fylkesmannen for å starte det såkalla «Hydrogenprosjektet i kommunane».

Petter Sortland, ordførar i Høyanger

Optimistisk: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, har store ambisjonar når det gjeld utvinning av hydrogen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Eg er glad for at Høyanger kommune er veldig godt i gang med det. Dette er framtida, seier ein optimistisk og spent ordførar, Petter Sortland (Ap).

Først på Vestlandet

Som einaste fylke på Vestlandet har Sogn og Fjordane tilsett ein eigen prosjektleiar, Elisabeth Kjerstad Bøe, for å drive fram hydrogensatsinga. Målet er klart.

– Å samordne oss og ta posisjonen som den leiande regionen på å utvikle hydrogen, seier ho.

Hydrogen kan produserast anten ved å reformere naturgass, eller ved å spalte vatn ved hjelp av elektrisitet.

Elisabeth Kjerstad Bøe

Prosjektleiar for Hydrogenregion, Sogn og Fjordane, Elisabeth Kjerstad Bøe vil at Sogn og Fjordane skal ta ein leiande posisjon innan produksjon av hydrogen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Skal ein produsere hydrogen i større mengde, treng ein mykje vatn og mykje straum. Det har vi her i fylket. Vi har potensial til å produsere store mengder hydrogen, seier prosjektleiaren.

Null klimagassutslepp

Det er ikkje alle som er like sterke i trua på hydrogen, og langt frå alle som satsar like stort. Kjerstad Bøe meiner derimot det er mykje bra med hydrogen.

Mellom anna finn ein det allereie som rein energiberar i transportmiddel, noko som betyr null klimagassutslepp. Det kan også nyttast som energiberar i lokale energisystem.

– Til dømes kan ein også bytte ut eit dieselaggregat som forsyner eit oppdrettsanlegg med straum, med eit brenselcelleanlegg, seier ho.

Dyrt i dag, men ...

Men om dette er så framtidsretta, kvifor er det ikkje meir utbreidd i dag?

– Det er per i dag framleis dyrt å produsere hydrogen, og ein har ikkje nødvendigvis marknaden til det endå, seier Kjerstad Bøe.

Tilgang på midlar

Kjerstad Bøe ser moglegheiter i tida framover. Prisane på brenselceller går nedover.

Dessutan er det mogleg å få støtte til å utvikle produksjon av hydrogen. Det gjer investeringskostnadane lågare no, enn om fem år.

– Tilgjengelege offentlege midlar og forskingsmidlar kan hjelpe oss i gang med pilotprosjekt. Ein må vere med frå starten om ein skal nå vidare til fasen der marknaden i større grad regulerer tilbod og etterspurnad, seier ho.

Hydrogenstasjon i Lavik

Terje Søreide

Lokalpatriot: Næringssjef i Høyanger kommune, Terje Søreide vil etablere ein hydrogenstasjon i Lavik.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Næringssjef i Høyanger kommune, Terje Søreide, har trua på at ein innan kort tid kan komme i gang med eit hydrogenprosjekt.

Kommunen har søkt om midlar til å gå aktivt inn i eit konkret prosjekt. Konklusjonen får dei fredag.

– Eg er litt lokalpatriot, og håpar det om fire år er etablert ein hydrogenstasjon i Lavik, seier han.