NRK Meny
Normal

Denne fjordidyllen er truga av stor kai

LÆRDAL (NRK) Eit fleirtal i kommunestyret vil arbeide vidare med planane om ny, stor kai. Det meiner Anne Helene Bergmål kan øydelegge ein hytte- og fjordidyll langs Årdalsfjorden.

Anne Helene Bergmål

FORTVILAR: Grunneigar Anne Helene Bergmål fortvilar over prosessen som er kome brått og raskt på ho, og som kan føre til at Bermålsviki som ho eig, kan bli bygd om til tømmerkai med sambruk mellom anna med utskiping av sand og stein.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg tykkjer dette går i eit bankande køyr. Næringsinteressene, saman med Lærdal kommune, berre køyrer på, seier Anne Helene Bergmål.

Lærdal kommunestyre vedtok torsdag kveld å gå vidare med å greie ut moglegheitene om å bygge kai i Bermålsviki i Årdalsfjorden eller Erdal i Lærdalsfjorden.

Kaien skal vere ein utskipingskai for tømmer, men etter folkemøte om forbrenningsanlegget på Håbakken, vurderer Simas/Ecoinowaste å plassere sjølve tømmerhandteringa på kaien, som dermed vil krevje større plass. Samstundes har selskapet kontakt med Voll-Lunde Maskin om kaiareal til utskiping av stein/singel på same området.

– Som innbyggar og grunneigar tykkjer eg det går over alle grenser. Vi fekk vite om dette måndag 20. mars. No, den 30., skal det opp i kommunestyret.

– Det har skjedd mykje desse dagane. Brevet frå Simas, som vil flytte tømmerhandteringa frå Håbakken til kai og planane om utskiping av sand og singel. Det blir så omfattande at heile Bermålsviki vil bli vekke, meiner Anne Helene Bergmål.

Anne Helene Bergmål

HYTTENABO: Grunneigar Anne Helene Bergmål saman med hytteeigar Kurt Gustavsen frå Årdal, som har hytte i Bermålsviki.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kritisk til prosessen

– Kvifor er du i mot?

– Fordi dette flotte området kan nyttast til andre formål. Og så blir eg innestengt. Med stor kai på eine sida, medan det går rett ned i fjorden på andre sida.

– Eg meiner at dersom Lærdal kommune er så opptekne av å skaffe arbeidsplassar, er det viktig at dei køyrer reine prosessar overfor grunneigarane, seier Bergmål.

Saman med hyttenaboar i Bermålsviki, grunneigarar og naboar til det andre alternativet i Erdal, var ho i kommunestyresalen i Lærdal torsdag kveld.

Der vart ho vitne til at politikarane valde å gå vidare med å greie ut nettopp Bermålsviki og Erdal som alternativ for ny kai.

Bergmålviki

IDYLL: Ei av hyttene i Bermålsviki som blir borte om det blir kai her.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Vedtaket vart gjort med Sp og Høgre sine ti røyster, mot Ap, V og SV sine sju. Mindretalet ville seinke tempoet og greie ut kva behov det er for kai, medan fleirtalet ville halde fram.

Etter møtet var Bergmål oppgitt og følte at ho ikkje hadde fått fleire svar.

– Politikarane køyrer på framleis. Dei skuldar på kort tid, men det er dei sjølve som har sett fristen. Eg er veldig glad for at Ap meiner vi må stogge litt opp. Medan andre held fram. Men vi gir oss ikkje, det er heilt sikkert, seier Bergmål

Naboar og grunneigarar i Erdal var like oppgitte.

Bergmålsviki i Årdalsfjorden, Lærdal kommune

FJORD: Bermålsviki ligg på sørsida av Årdalsfjorden, men innanfor Lærdal kommune.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har ikkje møtt kommunen desse ni månadane som har gått sidan vi først fekk vite om kaiplanane. Vi har berre fått info frå media. No seglar Erdal opp som ein av to lokaliseringar. Vi kjenner ikkje planane og det kjem stadig nye ønsker frå utbyggar. Det har alt gått ut over livskvaliteten vår, og vi flytter om dette blir realitet. Dei har ikkje respekt for oss når dei ikkje tek kontakt ein gong, seier Monica Høgelid Brugrand.

Grunneigar Magnar Bjørkum er provosert.

– Vi fekk nei til å bygge eit lite kraftverk ved mølla i Erdal fordi det ville øydeleggje for den nasjonale turistvegen som går der. Og no vil dei bygge ein svær kai i staden?, spør Bjørkum.

Einar Offerdal, Anton Kjærvik, Anne Helene Bergmål

STORT OPPMØTE: Bergmål i samtale med Einar Offerdal og Anton Kjærvik under ein pause i kommunestyre torsdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Rask avklaring

Det var varaordførar Trond Øyen Einemo (H) sitt framlegg som vart vedteke. Han meiner kritikken frå grunneigarar har ulik forankring.

– For nokon har dette kome brått på, mens andre grunneigarar har vist om dette over lengre tid. Så kritikken er rettkomen frå nokon og mindre rettkomen frå andre, meiner Øyen Einemo.

– Kvifor vil de ikkje ta dykk betre tid, slik opposisjonen vil?

– Fordi ein arealplan vil ta mykje lengre tid. Å bandlegge areal så lenge er ikkje fornuftig. Vi vil ha ein avklaring raskast mogleg, for blir det ikkje aktuelt med kai, så skal vi ikkje bandlegge areal heller.

– Det vart hevda i kommunestyre at politikarane er på etterskot og at næringslivet styrer denne saka?

– Det heng saman med at vi er på etterskot med planverket. Difor vil det bli heseblesande når det kjem ei etablering som krev så mykje areal, seier Øyen Einemo.

Lærdal kommunestyre, publikum

FULLT: Grunneigarar og naboar i Erdal og Bermål fylde kommunestyresalen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.