NRK Meny
Normal

Denne er snart på veg mot Lutelandet

Eit mektig og spektakulært syn er om litt på veg mot Lutelandet. Der skal den mislykka Yme-plattforma til 14 milliardar hoggast opp.

Yme-plattformen

TI FOTBALLBANER: Verdas største tungløftskip skal frakte Yme-plattforma til Lutelandet. Størrelsen vil vere på kring ti fotballbaner.

Foto: Talisman

– Ute i omgjevnadane blir dette fantastisk. Høgste punktet på Lutelandet er 74 meter, så når vi får dette innover blir det heilt klart mektig, seier styreleiar i Lutelandet Utvikling, Arve Helle.

Sjå for deg eit stort skip og gang dette med ti for å få verdas største tungløftskip Pioneering Spirit. Eit spektakulært syn som snart er på veg til Lutelandet med ein oljeplattform om bord.

– Arealet vil vere kring ti fotballbaner i dimensjonar, fortel Helle.

Ute i Nordsjøen er det reine operasjonen som skal føregå når Yme-plattforma skal klippast av, og skipet Pioneering Spirit skal frakte den til Lutelandet.

– Dette skjer når både vêr og alle marginar er på plass. Då brukar den kring eit døgn før skipet kjem inn mot Lutelandet, seier Helle.

Plattform med bråkete historie

Yme-plattforma har ei heller bråkete historie. I over fire år har plattforma vore ubrukt etter at ein konstruksjonsfeil gjorde at den måtte evakuerast.

Arve Helle

DEL AV INDUSTRISATSING: For styreleiar i Lutelandet Utvikling, Arve Helle, er hogging av Yme-plattforma ein del av ei industrisatsing på Lutelandet.

Foto: Johan Moen / NRK

– Plattforma skal hoggast opp. Etter evakueringa har den stått i Nordsjøen som ein spøkelsesplattform, seier Helle.

14 milliardar kroner har det mislykka Yme-prosjektet kosta.

– Det blir sett på som tidenes norske industriskandale. Ein plattform til kring 14 milliardar som ikkje har produsert så mykje som ein liter med olje, og som heller ikkje skal gjere det, seier Helle.

Del av industrisatsing

Som styreleiar av Lutelandet Utvikling har Arve Helle hatt ein finger med i spelet for å få plattforma til Lutelandet.

– Dette blir det første konkrete oppdraget for ei industrisatsing på Lutelandet. Vi har jobba med dette i over ti år, så det betyr mykje for regionen vår.

Det er selskapet Veolia som har sikra seg jobben med å skrape Yme-plattforma, og jobben skal gjerast ved eit industriområde på Lutelandet i Fjaler.

– Når plattforma kjem inn blir skipet og plattforma liggande ei stund, før plattforma skal over på ein lekter. Vidare skal den på land og hoggast opp. Sidan dette er ein ubrukt plattform, så vil det meste gjennvinnast, avsluttar Helle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.