I dag har frivillige vore ute og samla inn pengar til Røde Kors sin TV-aksjon, og resultata søndag kveld er veldig gode.
– Det har gått veldig bra fram til no. Bøssebeløpa er veldig høge i Sogn og Fjordane, og resultatet viser at det har vore eit veldig stort engasjement. Beløpa frå bøsser har auka frå i fjor, i alle kommunene, seier Kristin Sandal, som er leiar for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane.
Ho kan fortelle at det enkelte stader er så mange som vil gå med bøsser, at det rett og slett ikkje var nok bøsser til alle som møtte opp.
– Vi vil at alle skal få vere med å delta når dei vil det, men når vi har dekt alle rutene og sendt ut alle bøssene, er det nokon som ikkje fekk bidra, seier Sandal om luksusproblmet.
Ho fortel at i Førde var det så mange som 30 oppmøtte som ikkje fekk gå.
– Det er ein veldig dagsaktuell sak som engasjerer veldig mange akkurat no, seier Sandal.
Kreative bidrag
I samband med årets TV-aksjon for Røde Kors har Sogndal Fotball bidrege med ei signert heimedrakt som du kan by på.
I tillegg auksjonerer sogndalspelar og finsk landslagsspelar, Jukka Raitala, bort tre av dressane sine.
– Vi håpar å spreie dette bodskapet for å samle inn pengar til ei god sak, skriv kommunikasjonsansvarleg Hilde Østbø i Sogndal Fotball i ein e-post.
Tilboda ligg på QXL. Klokka 15.40 stod dressane i 320, 500 og 600 kroner. Den signerte sogndalsdrakta stod i 1800 kroner.
Ordførar på date
I Florø vart det før helga kjent at ordførar Ola Teigen auksjonerer ut ein lunsj med seg sjølv. Maksbodet er nådd, og det er 10 000 kroner, gitt av komikar Else Kåss Furuseth.
– Men det er jo til Røde Kors, og til ei god sak for meg; at det dryp litt på klokkaren, sa Furuseth på TV2 Sumo torsdag kveld, ifølgje Firdaposten.
– Gledeleg at folk vil gje 10 000 kroner til TV-aksjonen. Og morosamt at det er Else Kåss Furuseth, sa ordførar Teigen fredag.
Trur på gode tal
Fylkesaksjonsleiar Kristin Sandal trur på eit godt resultat.
– Generelt er vi flinke til å gje i Norge, og Sogn og Fjordane plar ligge høgt på statistikken.
– Erfaring viser at det er dei store organisasjonane med lokale avdelingar som får mest. Samt at saka vi samlar inne pengar til er svært dagsaktuell, seier Sandal.
Til klokka 15.49 var det samla inn 43 341 274,- kroner totalt i TV-aksjonen. Du kan fylgje med på www.giverstafett.no