Hopp til innhold

Denne bonden søv medan andre vaker

Medan mange bønder har lange netter under lamminga, kan Hilde Buer på Værlandet sove godt når hennar 202 villsauer skal lamme i vår.

Møt villsauene på Værlandet

Foto: Eli Eikenæs Vengen

Dei gjer det heilt sjølve.

– Det går kjempefint. Det er veldig gode mødrer, dei er utruleg gode til å finne lune, fine plassar å leggje seg, utruleg flinke til å passe på lamma sine og knallgode til å ta seg av avkommet sitt.

202 villsauer skal ha 260–270 lam, anslår Buer. I tillegg er det rundt 165 utanom, alle søyer. Vêrane er på ei eiga øy, på trygg avstand, for slik må det vere.

Hilde Buer er uroa over måten vi produserer kjøt i Norge.

– Vi produserer kjøt på ein lite moralsk og lite berekraftig måte. I Norge har vi hatt tradisjon gjennom hundrevis av år for å produsere kjøt basert på dei enorme utmarksressursane våre. No har vi ei intensivering av kjøtproduksjonen som går i motsett retning, kor det handlar om å produsere størst moglege slakt og få mest mogleg ut av kvart dyr.

Møt Villsauene på Værlandet

Foto: Eli Eikenæs Vengen