Hopp til innhold

Denne bingoen har du kanskje ikkje vore med på før

UNDREDAL (NRK): Også tradisjonsrike geitostfestivalar treng fornying av og til. På geitostfestivalen i Undredal kan ein i år delta i geiteperlebingo. Om ein har tolmod nok.

Geiter i Undredal

VALETS KVALAR: Kva geit kjem til å perle først?

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det viktigaste er at geita er rein bak! For her er det om å gjere at nye perler kjem idet spelet startar, forklarer Brita Underdal.

Saman med fleire andre ungdommar frå bygda arrangerer dei Geitostfestivalen som går av stabelen i bygda Undredal i Aurland kommune 24.–26. juli. I år altså med geiteperlebingo.

Bingo for dei med god tid

Spelet går ut på å setje ei eller fleire geiter på eit «bingobrett» teikna med krit på bakken på eit inngjerda område. Her har deltakarane valt ulike tal. Så er det berre å vente til geitene «perlar», og håpe at det skjer på ditt tal. Den med flest perler på sitt tal vinn.

Maria Underdal lokkar ei geit inn på bingobrettet

LOKKAR: Litt kraftfor må til for å få geita med til bingobrettet.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Etter ein testrunde med lite resultat må arrangørane sjå litt på eventuelle tilpassingar – kanskje ein må ha fleire geiter inne på brettet på ein gang for å få fortgang på sakene? Kanskje det må vere lov å lokke litt, kanskje til og med med kraftfor?

Geiteperlebingo utanfor Undredal støylsysteri

DISKUTERER REGLANE: Skal det vere lov å lokke med kraftfor undervegs?

Foto: privat

– Vi trur at det kan bli ein slager på festivalen, og vi har ikkje noko imot at folk skal stå å vente i tre timar, seier Underdal, som trur dette vil fungere godt i konseptet deira med at alt skal gå litt langsamt.

– Folk kan jo gå rundt og gjere andre ting i mellomtida, dei treng ikkje å stå å følge med heile tida, seier Maria Underdal.

Festival med ost og meir

I Undredal har ein i generasjonar hatt ein sterk tradisjon for å lage ost, spesielt geitost. Undredal støylsysteri bygger på denne tradisjonen og har hatt stor suksess med sin ost sidan oppstarten i 2002.

Geitostfestivalen har sjølvsagt den lokale spesialiteten i sentrum, men kan også by på mykje anna, både av mat og aktivitet.

Geitostfestivale i Undredal

KLARE FOR FESTIVAL: Arrangørane bak Undredal Geitostfestival som går føre seg 24.-26. juli.

Foto: pressefoto Geitostfestivalen

– All mat vi serverer er laga på lokale matvarer. Frå grilla kjekjøt til grønsaker frå jordbruksskulen i Aurland og poteter frå Lærdal.

Det vert dans om kvelden både på fredag og laurdag, marknad med sal av lokale matvarer og mange leikar og aktivitetar. Det vert også fjellturar i det fjordlandskapet som i år feirar 10 år med verdsarvstatus.

Undredølane gler seg veldig til festivalen, då innbyggartalet i den vesle bygda vert mangedobla.

– Og for dei som søker meir spenning enn geitebingoen kan gi vil det også vere tandemlotteri der ein kan vinne eit tandemhopp i fallskjerm over bygda!