NRK Meny
Normal

Brukte to timar frå Bergen til Florø – og då køyrde han roleg

Sogn og Fjordane har vore utan politibåt sidan 2011. I dag tok politioverbetjent Vidar Sætre sjøvegen frå Bergen til Florø med båten som skal dekke kysten frå Tysnes til Vanylven.

Politibetjent Vidar Sætre bak rattet på politibåten.

TO TIMAR: Med politioverbetjent Vidar Sætre bak rattet, brukte politibåten to timar på dei 88 nautiske mila, eller kring 163 kilometerane, frå Bergen til Florø. – Det er ein fantastisk båt å køyre og eit godt verktøy for beredskapen. Båten har høg fartspotensial og tek seg godt fram i veldig dårleg vêr, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den er utrusta med doble kartplottarar, 4G-radar, nattopptikk og ein god skannar for søk under vassoverflata. Og ikkje minst kraftig akselerasjon og potensial for høg fart.

Vi snakkar om den einaste politibåten i Vest politidistrikt.

– Det beste og viktigaste for vår del er det beredskapsmessige. I dag køyrde vi relativt roleg og greitt opp til Florø. Vi brukte to timar, men kan korte tida ytterlegare ned, seier politioverbetjent Vidar Sætre.

Base i Bergen

Som båtførar i politiet har Sætre dei siste 15 åra delteke i ei lang rekkje ulukker og skarpe oppdrag til sjøs. Han viser stolt fram båten som han meiner blir viktig for beredskapen i det nye politidistriktet.

Ronny Iden, Odd Arve Solvåg og Vidar Sætre

NØGDE: Ronny Iden (f.v.), Odd Arve Solvåg og Vidar Sætre trur på eit meir synleg politi også langs kysten av Sogn og Fjordane. – Eg trur nok at vi er så bevisst på at vi har ressursen tilgjengeleg at den blir brukt til det beste for innbyggjarane i det nye politidistrikt Vest, seier Solvåg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den skal ha base i Bergen, men dekkjer kysten frå Tysnes i sør til Vanylven i nord. I luftlinje ei strekkje på 229 kilometer.

– Den kan nyttast i mange situasjonar, der ein må vere raskt framme. Det kan vere båtbrannar og båtar som driv mot land, men også hendingar på land som krev mannskap raskt framme og uråd å ta seg fram med bil, seier Sætre.

– Plussfaktor

Gamle Sogn og Fjordane politidistrikt mista politibåten i 2011. Nyleg avgått politimeister i det same distrikt, Ronny Iden, er difor glad for at fylket igjen har fått ein politibåt.

– Det betyr at vi kan få sjøteneste att i Sogn og Fjordane.

Politibåten ved hamn Florø

MEIR TILSTADES: Mange av festivalane langs kysten gjennom sommaren kan få besøk av politibåten i framtida.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Iden er oppteken av at folk på sjøen skal få ein tryggare og betre kvardag. Han håpar også på ein god effekt på åtferda til båtfolket ved at politiet blir meir synleg på sjøen.

– Men det er eit langt politidistrikt. Er det tilstrekkeleg med berre ein båt?

– Ein båt er betre enn ingen båt. Så dette er ein plussfaktor.

Festivalbesøk

Odd Arve Solvåg

LEIAR: Leiar for Felles operativ eining i Sogn og Fjordane, Odd Arve Solvåg, ser stor nytteverdi i båten. – Vi kan vere meir til stades på sjøen, kan ta oss fortare fram til område som vi har brukt lenger tid på tidlegare med mannskap som elles måtte brukt bil, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Med ein båt er det sjølvsagt vanskeleg å vere overalt alltid, men samstundes er det betre enn ingen båt. Så får vi håpe det aukar etter kvart, legg Sætre til.

Politiinspektør Odd Arve Solvåg er leiar for Felles operativ eining i Sogn og Fjordane.

Han både håpar og trur på eit meir synleg politi, spesielt under festivalane sommarmånadane.

– Vi har så vidt diskutert det i dag, og vi ynskjer politibåten hjarteleg velkomne til dei festivalane vi har kring om. Det vere seg frå Måløydagane, Sildebordet i Florø og så vidare. Det er mange festivalar langs sjøen, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.