Hopp til innhold

Dei er i landstoppen i mannlege barnehagetilsette

JØLSTER (NRK): Jølster kommune er i landstoppen når det gjeld antall mannlege barnehagetilsette, medan dei fleste andre kommunar heng etter.

Barnehage

EIN AV NI: Pedagogisk leiar ved Langhaugane Barnehage, Jan Morten Dvergsdal, er ein av ni menn i barnehagen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Du merkar det positivt både på ungane, føresette og tilsette når det jobbar både menn og kvinner i barnehagen, meiner pedagogisk leiar ved Langhaugane Barnehage, Jan Morten Dvergsdal.

Barnehage

VIKTIG TREKKPLASTER: At det var fleire menn i Langhaugane Barnehage, var eit viktig trekkplaster for Jan Morten Dvergsdal.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Nær 23 prosent av alle barnehagetilsette i Jølster kommune er menn. I landet generelt ligg talet på ti prosent totalt, det melder Kommunal Rapport.

Dvergsdal er ein av ni menn som jobbar ved Langhaugane Barnehage i Jølster kommune, og ser på den høge andelen av mannlege tilsette som eit viktig trekkplaster for valet av arbeidsplass.

– Då eg fekk jobb i barnehagen, var eg redd for at det bare skulle vere kvinner her. Det er sjølvsagt ikkje einsidig negativt med kun kvinner, men det er godt med eit blanda arbeidsmiljø, fortel Dvergsdal.

Les også: Menn skal trekke menn til barnehageyrket

Halvvegs frå målet

Innan 2007 var målet til Barne- og familiedepartementet 20 prosent mannlege tilsette i barnehagane, men etter 9 år etter er ein kun halvvegs.

– Det tek tid å endre tradisjonar og haldningar. Det er neppe mange foreldre som oppmuntrar sønene sine til å søkje jobb i barnehage. Arbeidet med å auke mannsandelen i barnehagane har likevel ikkje vore mislykka, då ein nok ser ei auke, meiner førstelektor ved fakultet for lærarutdanning hjå Høgskolen i Oslo og Akershus, Mette Vaagan Slåtten.

Vaagan Slåtten poengtera viktigheita av fleire menn i barnehagane.

– Vi treng fleire menn i barnehagane for å vise born at det ikkje er stor forskjell på menn og kvinner, og at dei kan utføre same yrke. På denne måten lærar born at dei kan ha like moglegheiter, uavhengig av kjønn.

Menn i barnehagane i prosent

Jølster

22.9

Naustdal

15

Førde

13.3

Aurland

12.5

Solund

12.5

Fjaler

11.1

Gaular

9.1

Bremanger

8.2

Gulen

8.1

Leikanger

7.4

Vik

7.1

Flora

6.9

Gloppen

6.4

Eid

6.3

Sogndal

5.2

Luster

4.3

Vågsøy

4.2

Høyanger

4

Stryn

3.3

Årdal

2.2

Ekspander/minimer faktaboks

(Kjelde: Kommunal Rapport)

Framsnakk

Hjå Langhaugane barnehage har dei lenge hatt eit fokus på å få fleire mannlege tilsette i barnehagen. Noko Dvergsdal ser på som positivt.

– To og to mannlege kollegaer har blitt satt saman i gruppe. Det har skapt eit godt samhald og ein god arbeidsgjeng. Når ein har det kjekt på jobb, så vil ein sjølvsagt framsnakke jobben sin.

Barnehage

IKKJE TRAURIG: For Jan Morten Dvergsdal er jobben som pedagoisk leiar i Langhaugane Barnehage alt anna enn keisam.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Særleg unge gutar tenkjer at jobben ikkje er den kulaste i verda. Men etter ei tid i utplassering her hjå oss, får dei eit heilt anna syn på det, fortel Dvergsdal.

Framsnakk er noko Dvergsdal meiner må til for å få fleire menn til å jobbe i barnehagar.

Dette er ikkje ein traurig jobb. Ein må skape merksemd kring jobben og kva ein faktisk gjer. Omsorg er viktig, men vil ein klatre ute i tre saman med ungane, så kan ein det. Den varierte kvardagen er ein del av sjarmen.