Hopp til innhold

Denne avisa aukar opplaget sjølv om lesarane flyttar bort

Trass i nedgang i folketal blant lesarane hadde Ytre Sogn Avis høgare opplagstal i 2014 enn året før.

Vegar Volle

SUKSESSRIK JOURNALIST: Avisa som journalisten Vegar Volle (biletet) høyrer til, auka opplaget frå 2013 til 2014.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Medan dei andre avisene i Sogn og Fjordane gjennomsnittleg reduserte opplaget med 290 eksemplar frå 2013 til 2014, opplevde Ytre Sogn Avis ei auke på 22.

– Viss det er nokon hemmelegheit bak suksessen, så er det at det er om å gjera å vera så lokal som mogleg, avslører Rune Sviggum, redaktør i Ytre Sogn Avis.

Redaksjonsmøte

MASKOT På MØTE: F.v. Rune Sviggum og Vegar Volle lar ofte hunden vera med på redaksjonsmøte.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Krevjande å driva avis i Høyanger

Ytre Sogn Avis har hatt stabile opplagstal dei siste sju åra. Dei dekker kommunane Balestrand, Hyllestad, Gulen, Solund og Høyanger.

– Me prøver å dekka flest mogleg arrangement. Alt frå konsertar til basarar. For det er plassar der folk er, og då har dei sjølvsagt interesse av å sjå bilete av det, legg Sviggum til for å forklara suksessen til avisa.

Redaksjonen har tilhald i Høyanger, ein stad som har hatt sterk nedgang i folketalet dei siste ti åra. Kommunen sitt folketal har minka mykje meir enn i andre kommunar i Sogn, ifølgje ein rapport frå Telemarksforsking frå 2012.

– Det er naturleg å tru at me missar lesarar på at folk reiser frå kommunen. Men forhåpentlegvis er det nokon som tar med seg avisa sjølv om dei flyttar, seier Sviggum.

Vegar Volle

TRUFASTE LESARAR: Mange i Høyanger er tru mot Ytre Sogn Avis.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Trufaste lesarar

Folk på gata i Høyanger er stort sett positive til avisa, sidan den dekker lokalsamfunnet på ein god måte. Mange meiner dei er flinke til å få fram det som skjer i lokalmiljøet.

– For meg er det ei veldig god avis, fordi eg synast det er veldig viktig å ha ei lokalavis der eg kan lesa om det som skjer i området, forklarer Vigdis Olsen.

Samtidig er det enkelte som hevdar avisa lever på det dårlege samvitet til abonnentane.

Kvifor trur du Ytre Sogn Avis gjer det så bra?

– Det er vel medkjensle til avisa, for å halda ho i gang her i Høyanger, seier Kåre Lønne.