Hopp til innhold

Den gamle keeperkjempa får vakte noko spesielt

– Det er ærefullt, seier Frode Grodås. Han er Fotballforbundets «kurer» når det synlege beviset på at Sogndal er seriemeister, i dag blir frakta til saftbygda.

Frode Grodås og Yngve Hallén på Fosshaugane.

ÆREFULLT: Frode Grodås (t.v.) tykkjer det er stas å vere NFF sin kurer når pokalen for seriemeisterskap skal fraktast til gamleklubben Sogndal. Går alt etter planen overrekkjer fotballpresident Yngve Hallén pokalen på søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med seks poeng – og 17 plussmål – å gå på, er sjansen lik null for at Brann skal stikke av med «bøtta» som seriemeister i 1. divisjon. To kampar er att av sesongen.

Pokalen som Sogndal Fotball får søndag 25. oktober 2015

POKAL: Dette er pokalen som årets serievinnar i 1. divisjon får. I helga er den i Sogndal.

Foto: Privat

Pokalen blir i dag frakta frå Oslo mot premieskåpet på Fosshaugane i Sogndal. Med tidlegare Sogndal-keeper, Frode Grodås, som fraktar og vaktar.

– Det blir hyggeleg. Det er stort og godt det dei har gjort. Det er godt den hamna der, humrar Grodås.

Hallén overrekkjer

Grodås er fagutviklar i Norges Fotballforbund, og far til Sogndal-back Victor Grodås. Etter planen overrekkjer fotballpresident Yngve Hallén pokalen etter søndagens oppgjer mot Sandnes Ulf. Slik som han gjorde i 2010.

Lagbilete Sogndal - seriemeister førstedivisjon 2015

SERIEMEISTRAR: Sogndal er definitivt blant eliteserielaga som startar sesongen 12. mars 2016. Spørsmålet er om dei får trofeet som seriemeister i helga, eller om dei må vente til etter bortekampen mot Levanger.

Foto: Christian Blom / NRK

Eitt poeng mot Sandnes Ulf, eller poengtap for Brann, gjer at ikkje ein gang teorien kan ta frå Eirik Bakke & co. seriemeisterskapen.

Skulle derimot Sogndal tape mot rogalendingane, og Brann vinne mot Nest-Sotra, får ikkje sogningane pokalen før neste helg.

– Ein premie i idrettskonkurranse bør i prinsippet skje når konkurransen er slutt, og det er heilt avgjort, seier Dag Vestlund, arrangementssjef hos NFF.

Håpar på 3 500 tilskodarar

Geir Inge Heggestad

3 500: Arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal håpar overrekkinga av pokalen vil trekkje mange tilskodarar til Fosshaugane.

Foto: Heidi Lise Bakke

– I fotball kan vi ha ein vinnar med ein, to, tre eller fire kampar att. For å få litt stas rundt overrekkinga, skal den skje på heimebane så seint som mogleg. Difor blir det ikkje heilt feil å dele ut pokal til Sogndal i deira siste heimekamp, held Vestlund fram.

Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, håpar på mykje folk og ei flott ramme søndag ettermiddag.

– Eg håpar og trur på 3 500. Det er Bendit Cup med 1 100 spelarar i helga, så det blir mykje folk. Trofeet blir toppen av kransekaka denne helga, seier han.