Hopp til innhold

Den vesle kalven blei påkøyrd – bilføraren varsla aldri politiet

VIKSDALEN (NRK): Den vesle hjortekalven låg og vrei seg i smerter etter at den blei påkøyrd. Bilisten varsla aldri politiet.

Hjort påkjøyrd og førar stakk av.

SJÅ VIDEO: Hjortekalven måtte vri seg i smerter i over eit halvt døgn (Foto/redigering: Sondre Dalaker).

– Eg blir rysta, skuffa og irritert. Alle kan kome ut for eit uhell og køyre på hjortevilt, men å reise ifrå dyr som ligg der med knuste bein, er i mot alle mine etiske og kjenslemessige normer, seier Svein Sæterlid til NRK.

Han er leiar for sporhundgruppa i Gaular kommune i Sunnfjord. Mange gonger i løpet av året må han og kollegaene rykkje ut for å avlive skadde dyr. Berre den siste veka har bilistar køyrd på hjort utan å varsle politiet.

– Kalven måtte avlivast. Det grev meg djupt i hjarterota når slikt skjer, seier Sæterlid.

Har meld saka til politiet

Både styresmakter, frivillige og dyrevernarar engasjerer seg no for å hindre flest mogleg av påkøyrslane – og ikkje minst dei tilfella der bilistane ikkje varslar. Talsmann for Dyrebeskyttelsen Norge i Sogn og Fjordane, Ove Myrmel, er rysta.

– Dette er eit dyrevernsmessig stort problem, difor er denne saka meld til politiet for brot både på dyrevernlova og vegtrafikklova. Det er straffbart å køyre frå ein ulukkesstad utan å sjekke kva som har skjedd og kva som kan gjerast.

– Kva trur du er årsaka til at slikt skjer?

– Det er to forklaringar, anten uvitenheit eller så gjer dei det på rein faenskap.

Ove Myrmel og Svein Sæterlid

SJOKKERT: Ove Myrmel i Dyrebeskyttelsen og Svein Sæterlid i ettersøksringen meiner det er svært uetisk at folk ikkje varslar når dei køyre på hjortedyr.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tusenvis av dyr blir påkøyrd

Kvart år blir om lag 6000 elg, rådyr og hjort påkøyrd i Norge, og dei aller fleste blir varsla til politiet slik lova krev. Om du ikkje gjer det, så kan det få følgjer.

– Om du blir avslørt for ikkje å ha meldt frå, så kan du bli bøtelagt av politiet, stadfestar lensmann i Gaular, Fjaler og Askvoll, Åge Løseth.

Ove Myrmel i Dyrebeskyttelsen er klar på at det må setjast i verk fleire tiltak for å få ned den dystre statistikken over dyrepåkøyrslar i Norge.

Vil at fleire skal ta ansvar

– Det handlar både om å rydde kratt og skog langs vegane for å gje betre sikt, men det er også eit ansvar for dei som driv med køyreopplæring. Tungtransportørane bør ta desse problema opp på sine HMS-møte, meiner Myrmel.

Han peikar også på at forsikringsselskap og andre har varslingsband som ein kan bruke for å markere kvar uhellet har skjedd. Dermed kan dei som rykkjer ut for å finne dyra få ein lettare jobb.