Normal

Den unge Hjelmeset med imponerande løp

Lars Agnar Hjelmeset følgjer i faren Odd-Bjørn sine fotspor, og i går imponerte han på langrennsstjerna sin gamle heimebane.

Lars Agnar Hjelmeset

GOD FORM: Lars Agnar Hjelmeset sprang 2000 meter hinder på 6 minutt og 6 sekund. Det er den tredje beste tida nokon i hans aldersklasse har sprunge den distansen.

Foto: Elisabeth Hjelmeset

– Vi vart veldig imponerte av dette løpet til han Lars Agnar, det er den tredje beste tida nokon i hans aldersklasse har sprunge på den distansen gjennom tidene, seier eldsjel i sparebankleikane Jørund Årdal.

På distansen 2000 meter hinder sprang Lars Agnar Hjelmeset inn på tida 6 minutt og 6 sekund.

Sparebankleikane på Byrkjelo i Gloppen er eit årleg friidrettsstevne på Byrkjelo stadion. Hjelmeset junior deltok i går, medan både foreldra og besteforeldra var tilskodarar.

– Vi er no på farten heile tida, men for besteforeldra er det kjekt at han kjem hit til gloppen for å konkurrere, seier Odd-Bjørn Hjelmeset, som til vanleg bur på Austlandet.

Og for 15 år gamle Lars Agnar var det faktisk første gongen han sprang eit løp i distansen 2000 meter hinder.

– Ja, eg har aldri sprunge den distansen før, men eg har sprunge 1500 meter hinder fire gonger.

Lars Agnar på pallen

PÅ PALLEN: Lars Agnar Hjelmeset på toppen av pallen etter løpet i 2000 meter hinder på Byrkjelo i går

Foto: Elisabeth Hjelmeset

Satsar på både langrenn og springing

Han var strålande fornøgd med eigen innsats i går, og gler seg til å prøve seg på 3000 meter hinder i morgon. Til hausten skal femtenåringen byrje på Wang toppidrett Oslo, og der skal han få trene både langrenn og friidrett.

– Eg satsar like mykje på både langrenn og springing, og har tenkt til å halde fram med det dei neste åra. Begge deler er god trening, og begge deler er kjekt.

Kva er ambisjonane, då? Skal du bli proffutøvar?

Byrkjelo stadion

GAMLESTADION: Byrkjelo Stadion var treningsarenaen til Odd-Bjørn Hjelmeset. I helga konkurrerer sonen Lars Agnar på same bane.

Foto: Narve Heggheim

– Ja, ambisjonane er å bli olympisk meister i anten langrenn eller friidrett. Så får vi sjå kva det blir.

Langrennsstjerne og hekkeløpar

Far Odd–Bjørn Hjelmeset er mest kjend som ein profilert langrennsløpar, med fleire VM-gull og to medaljar i OL. Men også han var ein habil løpar, og han har ein NM-bronse i 3000 meter hinder.

– Lars slår meg på det meste, om ein skal sjå på alder. Men så er det eit heilt anna opplegg, det går ikkje an å samanlikne slik.

Odd-Bjørn Hjelmeset

GOD: Odd-Bjørn Hjelmeset har fleire VM-gull i langrenn, og også to medaljar ifrå vinter-OL.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Odd-Bjørn kombinerte langrenn med friidrett i mange år han også, og var faktisk heile 27 år gamal då han tok bronse i NM i hekkeløp.

– Det fungerte bra, eg veit ikkje om det er naudsynt å spisse seg inn på ein idrett alt for tidleg. For mange har jo langrenn blitt ein heilårssport også i ung alder, men eg trur det kan vere bra å halde på med fleire ting.

Går for ny pers i morgon

I morgon er det 3000 meter hinder som står for tur for Lars Agnar, og han er heilt klar på kva målet er.

– Målet er å springe på under 8 minutt og 40 sekund.

Vegopning på Bergum i Førde kommune