Den tidlegare toppscoraren er klar for nye eventyr i Australia

Etter eit kort opphald i Tyrkia er kraftspissen Kristian Fardal Opseth (29) klar for å søkje lykka «down under».

Opseth klar for Adelaide United

ADELAIDE: Kristian Fardal Opseth har signert for Adelaide United, som spelar i A-League i Australia.

Foto: Privat

– Agenten min fortalde plutseleg ein dag at ein klubb i Australia var interessert. Eg synest det høyrdest svært spennande ut. Det er på ein måte eit lite eventyr, seier 29-åringen.

Tidlegare denne veka vart det klart at Opseth har signert for Adelaide United i den australske toppserien. Kaupingen, som tidlegare har spelt for Sogndal, Bodø- Glimt og tyrkiske Erzurumspor, er spent på utfordringane han no står ovanfor.

– Totalpakken med å komme ned til ein bra liga, og eit lag som er med på å kjempe på øvre halvdel var tiltalande for meg. Forhåpentlegvis er det ein liga eg kan gjere det bra i, seier Opseth.

Spissen som har scoringsrekorden for flest mål på ein sesong i 1. divisjon er klar på at han først og fremst har ein primæroppgåve hjå klubben som henta han.

–Spissen sin jobb er å score mål, så eg håpar på å bidra på den måten slik at me vinn flest mogleg kampar.

Ein ny kvardag

Australsk toppfotball er lite kjent for nordmenn flest, og få kjenner til korleis nivået er i A-League. Opseth meiner ikkje nødvendigvis at nivået er eit stort hakk ned frå tidlegare erfaringar

– Av det eg har sett så er det absolutt eit bra nivå her. På laget her er det mange gode fotballspelarar, så det verkar solid.

Opseth, som for berre eit halvt år sidan signerte for Erzurumspor i den tyrkiske superligaen, forlèt klubben som rykka ned til 2. divisjon. Opseth seier han er glad for tida han hadde i Tyrkia, men gler seg til ein heilt annleis kvardag.

– Det er eit litt anna opplegg her. I Tyrkia er det meir individuelt ansvar, og det er mykje meir opp til deg sjølv. Her er det meste tilrettelagt.

– Relativt bra nivå

NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp seier at ein ikkje bør snakke ned den australske ligaen sjølv om den ikkje er særleg kjend for dei fleste nordmenn.

Carl-Erik Torp

UKJEND LIGA: Carl-Erik Torp meiner at nivået på den australske ligaen er bra sjølv om den er ukjend for dei fleste.

Foto: Julia Marie Naglestad

– Det er ein høgt profesjonell liga med relativt bra nivå. Etter det eg har sett er det til vanleg rundt 10.000 menneske på kampane, og godt over 50.000 i cupfinalar, seier han.

Torp trur Opseth kan få positive opplevingar både på og utanfor bana i Australia.

– Han får sikkert ei flott oppleving av å bu i Australia, mellom anna med klimaet, men ingen skal forvente at han reiser ned dit for å «leggje opp» som fotballspelar. Eg trur han kan utvikle seg vidare der.