Hopp til innhold

Den stolne traktoren vart funnen 80 kilometer unna

Natt til tysdag vart ein traktor stolen frå Reed i Gloppen. I dag fekk eigaren gladmeldinga om at den var funnen att, i Sogndal. 80 kilometer unna.

No er traktoren på veg tilbake til Breim etter å ha vore ein ufrivilleg tur til Sogndal.

HEIMVEG: Torsdag kom den stolne traktoren til rette. på heimvegen får den hjelp av bergingsbil.

Foto: NRK-tipsar

– Å herlighet! Det var ei gladmelding å få, seier Mette Bakka Reed.

Like før klokka 19 tikka det inn melding frå politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Dei kunne melde at traktoren hennar var funnen att i Sogndal. Då NRK slo på tråden var den glade meldinga likevel ikkje komen fram til eigaren av den grøne og gule traktoren.

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle få den att, seier ho.

Ein person pågripen

Traktoren har vore sårt sakna sidan den vart stolen frå garden natt til tysdag. Mange har også engasjert seg i tjuveriet, og saknameldinga til bonden er delt nær 300 gonger på Facebook. Dei siste dagane har ho lurt på kva ein ny traktor vil koste, no slepp ho heldigvis å lure meir.

– No blir det fest, seier ho lattermildt og tydeleg glad for å snart ha arbeidshesten tilbake.

Politiet opplyser at ein person er arrestert for tjuveri.

Trond Hatlenes

PÅGRIPEN: Trond Hatlenes i politiet fortel at den unge mannen skal avhøyrast torsdag kveld.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er ein ungdom i slutten av tenåra frå Sunnfjord som er mistenkt og pågripen. Det var ein traktorinteressert publikummar som såg traktoren i Sogndal sentrum, fortel Trond Hatlenes ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Mannen vart pågripen i nær tilknyting til traktoren, og skal avhøyrast torsdag. Seinare same kveld kjem også traktoren på bilbergar tilbake til Breim.