Den rasfarlege vegen gjorde at Helge måtte tømme ut 40.000 liter mjølk

Ein rasutsett veg gjer at mjølkebonde Helge Navelsaker har måtta slå ut tusenar av liter med brukande mjølk. Men denne veka kom mjølkebilen endeleg til bygda Navelsaker i Nordfjord igjen.

Helge Navelsaker

FÅR LEVERE MJØLK: Etter fleire månader utan besøk av mjølkebilen, får no gardbrukar Helge Navelsaker levere mjølk igjen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det synest eg er kjekt. Det er ikkje artig å måtte kaste fullt brukande mjølk, seier Helge Navelsaker.

Det var i romjula steinblokker rasa ned og skadde fylkesveg 664 som går til bygda Navelsaker i Eid. Skadane gjorde at køyretøy over ni tonn ikkje fekk bruke vegen, og då kom heller ikkje mjølkebilen fram.

– Eksakt tal liter veit eg ikkje, men eg reknar med det har gått med rundt 40 000 liter, pluss-minus, seier han.

Tine har ei erstatningsordning som gjer at han likevel ikkje har lidd eit stort tap økonomisk.

– Eg får dekt det meste, men noko tapar eg. Viss mjølka har høg feitt- og proteinprosent, får ein litt betre betalt, fortel han.

Har henta fôr med traktor

At vegen har vore stengt for tyngre køyretøy, har også skapt andre utfordringar for gardsdrifta.

– Eg har ikkje fått inn varer eg treng. Særleg med kraftfôr har det vore mykje ekstraarbeid. Det har eg måtta hente i storsekkar med traktor, fortel han.

– Korleis er det å drive gard ved ein så rasutsett veg?

– Ein må tilpasse seg naturen som andre stader, men vi har ei ekstra utfordringa. Eg har vore vand med å måtte tappe ein og anna levering, men elles om åra har det gått bra, seier mjølkebonden.

Mjølkebilen på Navelsaker

TILBAKE: Etter over fire månader kom mjølkebilen tilbake på tunet til Helge Navelsaker denne veka.

Foto: PRIVAT

Har gjort utbetringar

Statens vegvesen har no gjort utbetringar på punktet der vegen blei skada av steinspranget.

– Vi har no forsterka muren som blei skada i jula. Vi har reinska av muren, laga armering utanpå og støypt og forsterka den, seier Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift i Fjordane.

– Vi har vurdert at vegen er sterk nok, slik som den var før skredet gjekk og vi har oppheva restriksjonen vi hadde, legg han til.

Vegvesen har framleis igjen å gjere eit lenge planlagt arbeid på staden, og reknar med å vere ferdige i løpet av mai månad. Det er snø og skredfare som har gjort at utbetringsarbeidet ikkje har starta før, opplyser Karlsen.

Ras på vegen til Navelsaker

RASA I ROMJULA: Slik såg vegen ut på staden der steinar rasa ned på fylkesveg 664 i romjula.

Foto: Mariann Navelsaker