NRK Meny
Normal

Den omkomne kvinna er sakna Marita Sælen

Politiet stadfestar at det var sakna Marita Sælen (46) som vart funnen død i Sognefjorden onsdag ettermiddag.

Mjølsvik død kvinne funnen

FUNNEN DØD: Kvinna vart funnen i det utringa området onsdag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Sælen vart meldt sakna natt til laurdag førre helg.

Onsdag vart ei kvinne funnen død vest for Ortnevik på sørsida av Sognefjorden, om lag to mil frå Vik sentrum, der ho sist var observert.

– Vi har i ettermiddag fått stadfesta at det er den sakna kvinna som vart funnen. Ho er no identifisert, seier regionslensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Held fram etterforskinga

Etterforskinga held fram over helga, men Johannessen vil fredag kveld ikkje gå nærmare inn på detaljane i etterforskinga.

– Det er framleis etterforskingsoppgåver som vi skal gjere rett over helga. Vi har ein del ting vi må sjekke ut, seier regionlensmannen.

Som tidlegare understrekar han at politiet ikkje mistenkjer at noko kriminelt har skjedd, men at dei held alle moglegheiter opne.

Godt å kunne gje svar

Dødsårsaka er førebels ukjend.

– Eg vil ikkje spekulere i dødsårsaka. Vi ventar på den førebelse obduksjonsrapporten for å få stadfesta det, seier Johannessen.

Likevel er han glad for identifiseringa.

– Det er svært bra å kunne gje svar, sjølv om det er eit trist utfall.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.