- Klubben byggjer for nærare 250 millionar kroner og har som mål å nå over 4.000 tilskodarar i snitt på kampane. Det føreset gode sponsorar, som igjen stiller krav til oss. Gjennomgang av profilen er difor heilt avgjerande, seier Arild Hopen, styreleiar for Sogndal Fotball i ei pressemelding.
Historie og tradisjon
Den gamle logoen.
Styremedlem Dagfinn Rude Johannessen understrekar at det er lagt mykje arbeid i å bevare og styrkje klubben sin historie og tradisjon, både i logoen og i den grafiske profilen elles.
- Vi skal hugse på at logoen først kom på 60-talet, og seinare vart betydeleg forandra på 70-talet. Grunnlaget for endringar er den same no som då, med nye marknader og nye medium, forklarar Rude Johannessen. Han understrekar at klubbfargane framleis vil vere kvit og svart og drakta det same.
Protesterer mot ny SIL-logoSjå også:
Håvard Flo med ny og gammal logo på drakta. Illustrasjon: Gate Design AS