Hopp til innhold

Den nye bommen ber frukter

NAUSTDAL/FØRDE (NRK): Sjølv om fleire i Sogn og Fjordane har vore misfornøgde med å måtte betale bompengar kan fleire daglegvarebutikkar sko seg på dei fem bomringane.

Butikksjef i Coop Extra i Naustdal er glad for at folk handlar hjå dei i helga.

OPPSVING. Butikksjef for Coop Extra i Naustdal, Bjarte Espeland, er glad for at folk unngår å køyre til Førde i helga og heller handlar i Naustdal.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Vi har mange kundar heile tida, men etter oktober har vi hatt fleire kundar enn før, min teori er at folk ikkje gidd å reise inn til Førde når dei må betale bompengar. Då handlar folk heller her, seier Bjarte Espeland.

Han er butikksjef for Coop Extra i Naustdal og har merka større trykk i helgene no enn før. Han ser ikkje bort frå at det kan vere grunna bommen.

Også Rema 1000 på Vie har merka endring den siste tida.

– Vi har merka stor pågang no etter at folk byrja å betale for å køyre inn til sentrum, seier Johannes Evanger. Som butikksjef for Rema 1000 på Vie er han eit godt eksempel på ei bedrift som tener på bommen.

AUKA OMSETJING. Butikksjef i Rema 1000 på Vie er glad for at bommen bidreg til auka omsetjing.

AUKA OMSETJING. Butikksjef i Rema 1000 på Vie, Johannes Evanger, er glad for at bommen bidreg til at kundane kjem til dei og handlar.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Dei fem bomringane er plassert på alle innfartsvegar inn mot Førde og alle med bil må betale for å passere. Berre folk med elbilar slepp å punge ut. Evanger trur dette gjer at folk som bur i områda rundt Førde vel å handle matvarene sine i dei butikkane som ligg utanfor bomringane.

– Eg har ikkje heilt klare tal på det enno, men omsetjinga har auka sidan 1. oktober då det blei innført betalingsplikt for å reise inn og ut av sentrum, seier han.

Evanger er glad for at dei kan sko seg på bombetalinga.

FEM BOMRINGAR. Fleire butikkar er glade for bomringane.

FEM BOMRINGAR. Fleire butikkar utanfor Førde sentrum er glade for bomringane.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– For oss betyr dette at fleire kundar kjem til oss. Det er rett og slett positivt for oss at bomringen no er på plass, smiler han.


Mindre valfridom for Vieåsen

Håkon Langvoll bur i Vieåsen og meiner det er svært urettferdig at dei som bur i nabolaget er tvungne til å betale bompengar uansett kvar dei skal.

– Ein kan ikkje unngå bomringen om ein skal bevege seg ned i sentrum og det innsnevrar valmoglegheitene til bebuarane i Vieåsen og det er ikkje greitt, seier han.

Ragnhild Kvammen er pensjonist og bur i Jølster og har slutta å besøke Førde like ofte som før.

SYND. Ragnhild Kvammen er pensjonist og likar ikkje at ein må betale bompengar for å handle i Førde.

SYND. Ragnhild Kvammen er pensjonist og likar ikkje at ein må betale bompengar for å handle i Førde.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er dumt for oss pensjonistar som ikkje har like mykje å rutte med, 26 kroner er pengar det og, seier ho.

Kvammen er tydeleg på at ho hadde late vere å handle i Førde om ho hadde moglegheita.

– I dag handlar eg i Førde, men berre fordi eg var nøydd i eit privat ærend, seier Kvammen.

BETALER EKSTRA. Om ein skal handle i Førde må folk som køyrer personbil betale 26 kroner.

BETALER EKSTRA. Om du vil på handletur i Førde må du betale 26 kroner for å kome inn dersom du køyrer personbil.

Foto: Kathrine Nygård / NRK