Hopp til innhold

Bli med over Josten på langs

Mange turfølgjer og fleire hundre personar har kryssa den store kvite flata på ski.
Kva er det eigentleg med denne turen som gitt den mytiske statusen?

Skodda ligg tung over Setervollane på Vetledalsseter i Stryn.

Det er laurdag morgon, det er klart for Josten på langs.

– Vi har ei kjempetung bør. Det er den store utfordringa på turen, seier turleiar Irene Befring i Sogn og Fjordane turlag.

Ho pratar til 70 personar med ski på beina og tau festa til dei tunge sekkane.

– Om det begynner å bli tungt på skuldrane så prøv å få meir vekt ned på hoftene, seier Befring.

Ein draum

Ei av dei spente turgåarane som høyrer på Befring sine gode råd er Guri Fossdal frå Drammen.

– Eg har drøymt om denne turen ganske lenge. Berre namner gjer at turen høyrest fin ut. "Jostedalsbreen på langs", fortel Fossdal.

Men kva er det eigentleg med denne skituren som er så spesielt?

Turlaget hadde venteliste allereie for ein månad sidan, og denne helga kunne ein sjå i alle fall eit titals turfølgjer som kryssa isbreen.

Alt frå venegjengar til kommersielle aktørar har kasta seg på Josten-bølgja.

HØYR RADIOSAKA HER:

Manndomsprøve

I den lange rekkja av skiløparar i nye Gore-Tex jakker og dyre sekkar er det ein stillferdig kar på 67 år. I ei velbrukt allværsjakke går han Josten for tjuande gong. Tidlegare ofte som turleiar.

Willoch Aanonsen har si forklaring på Josten sin popularitet.

– Det er ein hard tur fordi ein må gå med så tung sekk. Det blir som ei slags manndomsprøve, seier Aanonsen.

Turfølgjet skal gå i tre dagar med den rytmiske lyden av ski mot snøen i øyrene. Ti til tolv timar kvar dag. Den første dagen med 1600 meters stigning. Den samla distansen er rundt 60 kilometer.

Må stole på seg sjølv

Josten på langs

BRATT: Turen er tøff, bratt og seig.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Leif Sønderland har og gått Josten rundt tjue gongar. Første gong i 1986.

– Det er eksotisk å kome opp her og vere her i nokre dagar. Vanlegvis går ein ned att same dagen når ein er på skitur, seier Sønderland.

Det er mektig å oppleve kor liten ein blir på den store, kvite flata. Skjer det noko her er det ein liten ekspedisjon å hente deg ned.

Mobildekning finst ikkje. Ein har kun seg sjølv og turfølgjet å stole på.

– Ein ser folk frå ei veldig positiv side. Denne turen får ofte fram det beste i folk. Det blir kameratskap og godt samhold, fortel Sønderland.

Dei sterkaste må hjelpe

Mot slutten av den tre dagar lange turen tek ei synleg sliten kvinne i 50-åra ordet og takkar for hjelpa.

Torunn Vigrestad er på gråten av takksemd fordi turfølgjet har bært deler av utstyret hennar.

– Det har vore ei kjempeoppleving, og alle har hjelpt kvarandre utruleg mykje. Eg har fått kjempehjelp både frå leiarar og alle saman, seier ho.

- Slit er godt

Kanskje er det ein del av røyndomen bak slike turar. Dei sterkaste må hjelpe dei svakaste. Blir èin att blir alle att.

Ein blir tvinga til å leggje konkurransesamfunnet til side, ein sjølv blir aldri betre enn den gruppa ein er ein del av.

– Det er det å gå saman og vere i lag ute i naturen. Det er noko som er godt for oss og gjer oss påfyll i forhold til alt vi gjer i kvardagen. Slit er godt det òg, seier Vigrestad.

Kanskje det er svaret? Kjensla av å stige i dusjen etter fire dagar i den same ullskjorta, kjensla av å smake noko så kvardagsleg som ei brødskive og eit glas melk etter å ha levd på frysetørka mat i dagesvis for så legge seg om kvelden og tenkje: "Det var ei seig, lang, kvit flate det der, men den knekte ikkje meg".

Ein søv godt på slike dagar.