Hopp til innhold

Den minste kommunen veks mest på kysten

Folketalsutviklinga i kystkommunane er ikkje noko positiv lesnad. Unntaket er den minste kommunen i Sogn og Fjordane.

Gunn Åmdal Mongstad

VEKSTKOMMUNE: Gunn Åmdal Mongstad er ordførar i Solund kommune. Den av kystkommunane som kan vise til den mest positive folketalsutviklinga i år.

Foto: Bård Siem / NRK

Samla har Bremanger, Flora, Vågsøy, Askvoll og Hyllestad mista over 200 innbyggjarar i år.

Solund og Hyllestad er kystkommunane mot straumen med ein vekst. I Selje har folketalet halde seg.

– Litt overraska, men veldig glad. Vi har fått nokre varsel på dette, men det er veldig kjekt å sjå at det faktisk er sju pluss for Solund, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Fylkets minste

Ho er ordførar for den minste kommunen i fylket, men har god grunn til å vere nøgd med folketalsutviklinga. Fødselsoverskotet er på minussida, men likevel har folketalet auka med sju innbyggjarar. Heile auken kom i tredje kvartal ifølgje statistikken frå SSB.

Folketalsendring i Sogn og Fjordane siste året

Folketal 1. januar

Fødselsoverskot

Endring i år

Endring 3. kvartal

Folketal 3. kvartal

Norge

5.295.619

11.955

28.314

11.590

5.323.933

Flora

11.988

5

-110

-66

11.878

Gulen

2.345

1

-19

8

2.326

Solund

807

-3

7

7

814

Hyllestad

1.378

-1

1

-9

1.379

Høyanger

4.154

-4

-49

-34

4.105

Vik

2.674

-13

-1

-6

2.673

Balestrand

1.262

5

16

0

1.278

Leikanger

2.345

0

-17

-11

2.328

Sogndal

8.059

25

79

115

8.138

Aurland

1.778

-12

0

6

1.778

Lærdal

2.153

-11

-10

-19

2.143

Årdal

5.277

-6

-16

6

5.261

Luster

5.223

0

-16

-30

5.207

Askvoll

3.052

-27

-21

0

3.031

Fjaler

2.846

-23

-14

42

2.832

Gaular

3.006

10

26

12

3.032

Jølster

3.043

9

-6

-10

3.037

Førde

13.089

80

35

19

13.124

Naustdal

2.825

-4

-29

-2

2.796

Bremanger

3.767

-13

-40

-12

3.727

Vågsøy

6.001

-9

-13

-8

5.988

Selje

2.757

-10

0

-12

2.757

Eid

6.157

-2

1

-15

6.158

Hornindal

1.175

-7

-6

1

1.169

Gloppen

5.874

-3

-27

4

5.847

Stryn

7.195

-10

-15

-34

7.180

Sogn og Fjordane

110.230

-23

-244

- 48

109.986

Ekspander/minimer faktaboks

No bur det 814 personar i Solund kommune.

– Det er ei positiv stemning slik eg føler det, men så har vi hatt ein positiv trend siste par åra. Det er ikkje mange år sidan vi var nede i 770 innbyggjarar, så noko må vi gjere rett, seier ho.

110 færre floraværingar

– Eg ser at vi har rekruttert til ledige stillingar siste åra, og har oppretta lokale stillingar for å halde på og løyse oppgåvene sjølve. Det har gjort at vi har fått nye innbyggjarar og er med å skape eit positivt miljø i etablerargruppa som er kjend for å vere mest mobil, seier ho.

Like positiv er ikkje utviklinga for Flora kommune. Her er fødselsoverskotet positivt, men i løpet av året har innbyggjartalet gått ned med 110.

Ordførar Ola Teigen (Ap) ynskjer ikkje å kommentere statistikken.

Under 110.000 att

På landsbasis blir folkeveksten skildra som svak siste kvartal. Totalt bur det vel 5,3 millionar i landet. For Oslo sin del blir folkeveksten skildra som kraftig, med ein auke på 3.400 berre i tredje kvartal.

Sogn og Fjordane er eitt av fem fylke som ikkje opplevde folkevekst. Nedgangen er størst i Finnmark, men ein nedgang på 244 innbyggjarar gjer at folketalet i fjordfylket igjen er på feil side av 110.000.

Av kommunane kan både Førde, Gaular og Sogndal vise til fødselsoverskot godt på plussida. Dette er også kommunane med størst folketilvekst.

Optimistisk ordførar

I Solund meiner ordføraren at det er viktig at kommune og privat næringsliv rekrutterer saman. Mongstad meiner det handlar like mykje om jobb og bustad, som fritidstilbod.

Ho er optimist med tanke på framtida.

– Sjølvsagt. Noko anna hadde vore feil. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Vi må heile tida jobbe aktivt på fleire felt samstundes for å lukkast. Ein må halde på dialogen mot næringslivet og samfunnet elles, seier ho.