Hopp til innhold

Kvitt på Fosshaugane berre fire dagar før seriestart

Når første seriekamp blir sparka i gong på søndag blir Sogndal den kaldaste kamparenaen, varslar meteorologane.

Created by InfoDispatcher

KALD BANE: Fosshaugane vert den kaldaste kampstartarenaen.

På Fosshaugane skal det spelast elitefotball om fire dagar. For på søndag er det seriestart for Sogndal. Då møter dei Tromsø.

– Sånn som det ser ut no skal det bli artig å spele på søndag, seier kaptein på Sogndal, Per Egil Flo og vassar i snøen som ligg på bana.

I Sogndal vakna folk i dag til 10 minusgrader og ligg det framleis snø på Fosshaugane.

– Spelet kjem til å varme meir enn vêret i alle fall, meiner kapteinen.

Undervarmen på bana fungerer framleis berre klattvis. Om fire dagar må den vere isfri.

Kaldt på bana

Når kampen blir sparka i gong på søndag blir Sogndal den kaldaste kamparenaen i landet.

– Det ser ut som at dette kan bli den kaldaste kampen i denne runden, temperaturar på minus fem-seks grader nær kampstart og temperaturen vil falle utover kvelden, kan statsmeteorolog Kristian Gislefoss fortelje.

Statsmeteorologen opplyser at det vêrmessig blir det ein god del skyer, men og ein del sol. I alle fall tidlegare på dagen.

Vår i Bergen

Litt lenger sør på kartet, får Brann ta imot Vålerenga i litt meir vårleg temperatur.

– Det blir ikkje mange plussgrader ved kampstart, men det ser ut til at bergensarane kan førebu seg på ein dag med opphaldsvêr og noko sol, fortel Gislefoss.


Flyktar inn i varmen

Sogndal flyktar spelarane inn i varmen. Enn så lenge.

– Det optimale hadde kanskje vore at vi fekk vere ute, men vi er nøgde med å ha ein slik hall og ha mulegheita her, seier Azar Karadas.

– Det er fint her inne. Når ein kjenne på temperaturen ute er det greitt å gjere siste førebuingane her inne, meiner Rune Bolseth.