– Det hadde blitt vill oppstand

OLDEN (NRK): Medan nordmenn brukte sjatteringar av gult og raudt, valde det styrtrike kunstnarparet irrgrønt då dei skulle måle prakthuset sitt. Framleis eit høgst uvanleg syn på norske husfasadar.

Singerheimen i Olden

GRØNT SOM BREVATNET: Sterke grøne husfargar var ikkje vanleg før, og er heller ikkje vanleg no. Det vekte merksemd då Singer valde denne fargen på byrjinga av 1900-talet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Når du køyrer langs Nordfjorden og kjem til bygda Olden, så lyser bygningane på Singerheimen mot deg. Villaen Dalheim, fjøsen og dei andre husa er alle malt i ein grønfarge du knapt finn andre stadar her i landet.

– Dette er ein heilt uvanleg fasadefarge i Noreg. Vi har historisk sett hatt ein ganske konservativ fargebruk som primært har vore nyansar av raudt eller gult, eller ubehandla, seier Dagny Thurmann-Moe.

– Vill oppstand

Fargerådgjevaren og eksperten på nordmenn sin fargebruk trur det ville blitt sjokk og vantru dersom nokon hadde valt denne grønfargen i eit norsk bustadfelt i dag.

– Det hadde blitt vill oppstand. Eg synest det er veldig gøy at vi er så lite vant til uortodokse val på fasadar. Eg tenker at det også hadde vore sunt for oss å vere litt meir leikne og ta sjølvstendige val på fasadane på bustadane våre.

Ho meiner at vi alle er ansvarlege for andre menneske er glade, nøgde og har noko pent å sjå på. Det var også tanken og planen til kunstnaren og industriarvingen William Singer og kona Anna.

Dagny Thurmann-Moe

BØR VÅGE: Fargeekspert Dagny Thurmann-Moe meiner at nordmenn gjerne kan lære litt av korleis Singer-ekteparet tenkte då dei kom til Noreg.

Foto: dagnyfargestudio.no

Inspirert av naturen

Dei forelska seg i Olden og sette dei opp ein eigedom som bar preg av luksus og overklasse, men også av eit fargeval som ein knapt finn maken til.

– Anna Singer såg fargen i elva som kom frå breen og då blei fargen på husa slik, fortel Ragnhild Sunde.

I fleire år var ho dagleg leiar for det som dei siste åra har vore ein samlingsstad og eit levande museum for bygda ved Nordfjorden.

– Eg har alltid ei stor glede av å vise fram Singerheimen og eg det viktige er å bevare dette for framtidige generasjonar.

Dei vil ha Riksantikvaren med på laget for å sikre arven etter Singer, også den spesielle fargebruken både inne og ute.

Ragnhild Lunde på Singerheimen

ELDSJEL: Ragnhild Lunde var i fleire år dagleg leiar for Singerheimen. No er ho pensjonist, men brenn for framtida for eigedomen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Befriande farge

Det er global fargesjef i Jotun, Lisbeth Larsen, glad for. Ho har sjølv tatt Singerheimen nærare i augesyn og tykkjer grønfargen er veldig befriande.

– Dei lét seg inspirere av fjell, vatn og elvar, men også av kva dei hadde med seg frå andre deler av verda. Det er jo ein farge som blei brukt til dømes i New York tidleg på 1900-talet.

I ei verd der ulike grå- og brune tonar dominerer fleire og fleire husveggar, ikkje minst i byane, meiner ekspertane at det må vere lov å leike litt.

– Vi kan jo trø litt til. Ein kan jo gå frå det grå og brune til ein litt kul gul, blå eller grøn og la det stå litt ut. Om vi berre får grått på grått på grått, då treng vi lykkepiller altså, seier Larsen og ler.

Gråmaling på norske hus

GRÅTT ER POPULÆRT: Døme på korleis ulike gråfargar i stor grad pregar mange nye, norske hus. Det er ein del av ein internasjonal trend.

Foto: Jotun
Singerheimen i Olden

IRRGRØNT: I landskapet i Olden skil Singerheimen seg ut.

Foto: Steinar Lote / NRK
Stove i Singerheimen i Olden

RAUD STOVE: Anna Singer sette sitt tydelege preg på Singerheimen. Ho budde i huset deler av året fram til ho døydde på 60-talet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK