Hopp til innhold

Den første hauststormen kan vere på veg

Fredag ligg det an til den første hauststormen i år, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

Stormen Urd i Florø

STORM: Biletet er frå stormen Urd sine herjingar i Florø i 2016.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg veit ikkje om eg skal seie tidleg på hausten eller seint på sommaren, men i alle fall er det den første hauststorm i år som er i vente, fortel Martin Granerød ved Vervarslinga på Vestlandet.

Vêret kjem til å bli dårleg andre stadar også, men det er Nord-Vestlandet som vil bli hardast råka.

Hauststorm

HAUSTSTORM: Vêret fredag klokka 14.00

Foto: Yr.no

– Vi kan nok seie at hauststormen kom tidleg i år. Det ser i alle fall slik ut, seier Granerød.

Lavtrykksaktivitet er stikkordet i helga og utover i neste veke.

– Ein varm front gir skya vêr og nedbør i Sogn og Fjordane. I ettermiddag vil nok vinden auke til ein stiv kuling ved Stad og vidare til sterk kuling.

Vinden kjem til å auke meir om morgonen på fredag, fortel Granerød.

Laster Twitter-innhold

Ein sørleg sterk kuling på kysten vil auke frå ein liten til full storm lengst nord på Vestlandet og særleg Stad er utsett.

Samstundes blir det ikkje så veldig mykje nedbør først om dagen på fredag, men ut over blir det aukande nedbørsmengder. Til kvelden er det absolutt grunn til å ha på seg regntøy dersom ein har tenkt seg utanfor døra, seier Granerød.

Laster Twitter-innhold