Den første fisketuren

Biniam Paulos frå Eritrea var i dag på sin første fisketur nokon sinne, og kunne godt nøgd hale i land ein torsk.

Flyktningar på fisketur
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det var fantastisk! Spesielt fordi det er første gong eg er på fisketur, seier Paulos.

Saman med landsmennene Manga Teklay og Senait Weldemaryan og tre syrarar fekk han i dag vere med på fisketur med redningsskøyta Halvdan Grieg i samband med Måløy Havfiskefestival.

Håpar fisketuren kan bidra til integrering

Manga Teklay frå Eritrea var derimot ikkje like heldig.

– Det vart ingen fisk. Eg får prøve på nytt til neste år, seier Teklay, som likevel gler seg på kamerat Binian sine vegne.

– Han fekk ein stor torsk, så i kveld vert det fiskemiddag, seier Teklay.

Edvard Iversen

ARRANGØR: Edvard Iversen synes det er ei viktig oppgåve å integrere flyktningane som vert busett i kommunen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det er kommunestyremedlemmene Edvard Iversen og Nils Myklebust som har teke initiativ til fisketuren. Iversen er også med i arrangementskomiteen for havfiskefestivalen og kallar fisketuren for flyktningar ein historisk begivenhet.

– Havfiskefestivalen ser på dette som ei viktig sak å integrere våre nye landsmenn, å la dei få vere med på noko, frivillig arbeid, ta dei med ut. Då vert det lettare å integrere dei i samfunnet elles, seier Iversen.

Vågsøy kommune har vedteke å ta imot 30 flyktningar frå 2014 til 2016.

Nils Myklebust håpar han kan vere med på å gi dei ei god oppleving og bidra til at dei vil trivast i Vågsøy.

– Det er spennande for meg, men det må vere endå meir spennande for dei. Vi må vere veldig audmjuke for kva opplevingar dei har hatt tidlegare, seier Nils Myklebust, og legg til at han får meir attende enn han sjølv gir.

Variert program på havfiskefestivalen

Og det er ikkje berre eritrearane og syrarane som fiskar i dag. Tilreisande sjarkefiskarar konkurrerer om trofeet Sildaguten som går til den som får den største fisken, fortel Myklebust.

Og i morgon vert det underhaldning i Måløy.

– Roar Moe frå Litle Færøy skal ha eit lokalhistorisk fiskerikåseri i vårt eige Speakers' Corner. Og så er det lokale musikarar som speler og salsbuer. Vi håpar det vert eit bra folkeliv både av lokale og tilreisande fiskarar, seier Myklebust.

Seks flyktningar frå Eritrea og Syria fekk prøve fiskelukka under Måløy Havfiskefestival.

Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen her.