Hopp til innhold

Den finaste badeplassen i fylket?

Lyttarane har klare meiningar om kvar ein bør reise for å oppleve sommaridyllen.

Grotlesanden i Bremanger

Grotlesanden i Bremanger er populær hos fleire av lyttarane i morgonsendinga vår.

Foto: Innsendt av lyttar

Hoddeviksanden sjølsagt :-)

SMS inn til studio i morgonsendinga

Leitar du etter ein stad å bade når sommarvarmen kjem over fylket?
Då kan du plukke med deg tips frå lyttarane våre. Dei sendte inn tekstmeldingar til morgonsendinga måndag.

Kanskje du finn ein stad du ikkje visste om frå før?

Bading i Ikjefjord

Ikjefjord

Foto: Rolf J Vinda
Eikefjord

Eikefjord

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Paradis

- Det er paradis på sørsida av Høyanger, meiner Reidun og familien.

Ho oppmodar folk om å fylle blien med badeglade born og kjølebagen full av mat og drikke. Deretter bør folk ta ferja frå Lavik til Oppedal. Så køyre ei lita mil inn til idylliske Ikjefjorden.

- Der kan de nyte resten av dagen på langgrunn kvit sandstrand. Ta gjerne med fiskestang og ball og spel på sandvollyball-bana. Og dei har toalett der, fortel ho.

- Ikkje fullt av folk

Arve Åheim frå Selje meiner at Hoddeviksanden er flottare enn Selje og Erviksanden. Og han reklamerer med at det ikkje vert fullt av folk der heller.

- Beste plassen i fylket er i Eikefjorden. Berre å ta turen i sommar, oppmodar Stian Barlund.

Badestranda i Eikefjorden må vere dem finaste stranda i fylket. Det er vel verdt å ta turen dit, seier Cathrine Hellesen.

Det meiner ein annan lyttar også, som fortel at det kjem folk fra både Førde og Florø for å bade kvar sommer.

Hoddevik

Hoddevik

Foto: Jan Ove Hoddevik

Hoddeviksanden! Ingen over, ingen ved sidan av.

SMS frå Magnhild Hoddevik

Biodo og symjebasseng

- Stølsnessanden på Hauge i Bremanger er en fin plass å nyte finvêret, seier Ronny T. Hauge frå Bremanger.

Andre som sendte inn sms til studio er Marianne Bøthun.

- Flottaste badeplassen er i Fresvik så klart! Med biodo og eige symjebasseng for dei minste. Berre å nyte!

Det er svært mange som har Grotlesanden i Bremanger som sin favoritt.

Kystperle

Erviksanden på Stadlandet

Erviksanden

Foto: Ottar Starheim / NRK
Fresvik

Fresvik

Foto: Innsendt bilete frå lyttar

- Kystperla Grotlesanden i Bremanger. Ein kastar ikkje vekk ferien med å reise andre stader, meiner Bente Hamn.

Det er også Beathe Leirgulen Anne Kristoffersen og Kari Igland samd i.

- Den beste badestranda er den lange flotte Grotlesanden i Bremanger. Silkesand. Må og ta med Vetvika i Bremanger, ein oase av ei strand som en kjem til berre ved å ta båt eller gå fjellet for å komme til, fortel Kjellrun Hauge som slengte på ei badehelsing til alle

Refviksanden har også mange beundrarar. Grete i Høyanger mellom anna.

- Det finst ikkje finare badeplass enn Erviksanden på Stadt! Fantastisk ramme rundt og deilig sand.

- Erviksanden er den finaste i landet, meldte ein annan lyttar.

Bading og historie

Hanne frå Balestrand held ein knapp på parken i Holmen, og fortel at det kryr av born og ungdom der

Ein anna foreslår Byrkjelo camping, medan Johnny Lundekvam meiner Solvorn i Luster har ei flott strand i historiske omgjevnader.

Jonny Svoren meiner Skinnhølen i Heggedalen på Bryggja er den finaste staden å plaske ut i på varme sommardagar.

Badekaret er nok beste plassen. Der er det varmt vatn heile året.

SMS frå Martin frå Stryn

- Hos bestemor og bestefar

- På flotte dagar med lite vind er Vetvika den flottaste stranda. Den største grunnen til det er at den ikkje blir så full sidan ein må i båt eller gå fjellet. Så vil ein ha plass på ei flott strand utan å gå og ligge som sild i tønne, så er Vetvika plassen, helsar Judith Ekerhovd.

Anita vil vere på badestranda i Olsetvikane i Askvoll. John Ansnes vil helst til Braastadstranda på Sande camping i Lodalen.

Fresvik, Lokkebo og Norsanden vart også nemnt.

Olav på ti år veit kor han aller helst vil vere på ein solskinsdag.

- På badestranda heime hos bestemor og bestefar i Svortevik.