NRK Meny
Normal

Den einaste sjansen når det er straumstans

FØRDE (NRK): Berre få stader i landet er det no mogleg å tanke drivstoff under lange straumbrot.

Joachim Malterud

KAN FYLLE HER: Politiførstebetjent Joachim Malterud ved drivstoffstasjonen der eit aggregat kan erstatte straum.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiførstebetjent og operativt ansvarleg Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor fortel at dersom straumen er vekke og dei treng drivstoff på bilane sine kan dei fylle tanken på den ubetjente stasjonen ved Coop Extra i Førde.

– Når straumen går vil det ikkje vere råd å få tak i drivstoff på vanlege bensinstasjonar. Her kan vi fylle sjølv om straumen har gått. Vi må då kontakte eigaren av stasjonen og få hjelp til å starte eit aggregat som driv bensinen og dieselen gjennom.

Fleire stader har bensinstasjonane slike aggregat, mellom anna i Askvoll.

Vil gjerne ha fleire slike

Men denne stasjonen, som vart opna i oktober 2015, er så langt ein av dei få der naudetatane i Sogn og Fjordane kan få fylt drivstoff i ei handvending når det er straumlaust. Eigaren, Roy Solbakken, seier at då dei opna var det den einaste i landet.

– Og så vidt eg kjenner til er det ikkje opna fleire. Mange er det iallfall ikkje. Det går an å kople opp aggregat på vanlege bensinstasjonar også, men då er det mykje meir tungvint og tidkrevjande.

Kjøpte aggregat i 1993

Eit unnatak er bensinstasjonen AutoMarin i Askvoll, som heilt sidan 1993 har hatt eit aggregat som kjapt kan forsyne heile bensinstasjonen med straum, fortel Johnny Søreide, som dreiv stasjone frå 1989 til 2007.

– På den tida var vi veldig plaga med hyppige straumbrot, så eg investerte i eit aggregat som eg kjøpte frå Østerbø Maskin. Når straumen gjekk, var det berre å kople over, og i løpet av 30 sekund hadde vi straum til alle pumpene og stasjonen elles.

No har Askvoll meir stabil straumforsyning, men aggregatet er intakt og klar til bruk om straumen skulle forsvinne.

Haavard Stensvand

YNSKJER DRIVSTOFFTRYGGLEIK: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane skulle gjerne sett at det hadde vore fleire stasjonar som den ved Coop Extra i Førde. For han har sidan Dagmar herja for fem år sidan prøvd å påverke sentrale styresmakter til å syte for at vi i framtida skal stå betre rusta.

– Det bør avklarast kven som har ansvaret, og så sjå på kva tiltak som må gjerast. I ytste fall kan det tenkast at næringsdrivande kan påleggast eit beredskapsansvar. Vi kan tenke oss at eit visst tal bensinstasjonar innanfor eit geografisk område skal kunne bli kopla til naudstraum.

Stensvand fortel at han først tok saka opp med Olje- og energidepartementet. Men der kom det kontrabeskjed om at dette var eit lokalt ansvar, som kvar einskild kommune burde ta tak i.

Erik Thomassen

JOBBAR MED SAKA: Avdelingsleiar Erik Thomassen i DSB.

– Prisverdig

Men no har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap – DSB – teke tak i saka. Avdelingsleiar Erik Thomassen seier at dei faktisk har teke til å jobbe med problemstillinga denne veka.

– Vi har fått i oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet å greie ut kor sårbare vi er når det gjeld drivstofftilgang. Vi skal kome med ein rapport til hausten.

Thomassen kjenner ikkje til at det er fleire stasjonar med aggregat som den i Førde andre stader i landet.

– Eg trur eg hadde visst det om dei fanst. Det er prisverdig at dei har teke tak i dette lokalt. Eg ser ikkje bort frå at dette kan vere ei god løysing for heile landet. Det er veldig viktig å ha tilgang til drivstoff også når straumen er borte.

Vegopning på Bergum i Førde kommune