NRK Meny
Normal

Den einaste politipatruljen var på oppdrag i Bergen. Så gjekk alarmen to timar unna.

Nordhordland lensmannsdistrikt har blitt eit større område – men har færre politifolk. For innbyggjarane har konsekvensane blitt alvorlege.

Kjell-Idar Vangberg

BEKYMRA: Kjell Idar Vangberg er uroa over beredskapen i distriktet etter at han har mist sju stillingar sidan januar. Meininga var at han til ei kvar tid skulle ha to patruljar etter nærpolitireforma, men han har framleis berre éi patrulje – og eit større område å dekkje.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Eg er bekymra over utviklinga. Beredskapen er ikkje god nok. Intensjonen med samanslåing var å ha to patruljar på dagtid, men no er vi nede på same nivået som før samanslåinga – og då er det ofte utkantane som blir skadelidande når det gjeld utrykking, seier lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Avisa Nordhordland skriv at det på kort tid har vore tre alvorlege hendingar i Gulen og Solund medan den einaste tilgjengelege patruljen var på oppdrag heilt andre stadar i distriktet.

  • Les også:

Var i Åsane då alarmen gjekk i Gulen

Google maps: Åsane - Byrknes

LANG VEG OG FERJE: Politipatruljen var i Åsane ved Bergen då meldinga om vald i Gulen kom. Eit søk i Google Maps syner ei reisetid mellom stadane på éin time og 52 minutt inkludert ferje.

Ifølgje avisa Nordhordland er konsekvensen av nærpolitireforma at distriktet no berre har éin politipatrulje, og denne skal dekkje eit område på 2100 km² med 37.500 innbyggjarar.

Under den eine episoden var patruljen på eit oppdrag i Åsane, då dei måtte rykkje ut til Byrknes i Gulen på ei valdshending. Ifølgje avisa skal det ha vore kniv involvert. Politiet kom fram først etter éin time og ti minutt.

– Kvar for seg er dei tre hendingane alvorlege og må etterforskast. Vi har vore ute i ettertid og gjort godt arbeid på stadane, men vi var ikkje på åstadane då det skjedde. Dessutan var det lang responstid på det eine, seier lensmann Vangberg.

Har mist sju politifolk sidan januar

Lensmannen kan ikkje gå inn i detaljar rundt hendingane, men understrekar at terskelen for å rykkje ut har blitt høgare i distriktet hans. Han har fått sju færre politifolk sidan januar.

– Terskelen for å rykkje ut blir dessverre høgare. Er det alvorleg nok, køyrer vi sjølvsagt til den åstaden det gjeld. Men i og med at vi berre har éi patrulje, er det større risiko for at det er lenger responstid til desse åstadane, seier Vangberg.

– Kva gjer det med tryggleikskjensla til folk i distriktet?

– Det er vanskeleg for meg å seie. Vi skal gjere vårt beste, men med berre ei patrulje kan responstida bli lenger enn om vi hadde hatt to, seier han.

Vanskeleg økonomisk situasjon

– Det er ingen tvil om at Vest politidistrikt er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men utover det, så er det ikkje dramatisk i Sogn og Fjordane. Vi har den beredskapen vi treng, seier Arne Johannessen, politiinspektør i Sogn og Fjordane.

Han er eining i at utrykkingstida til hendinga i Gulen, ikkje var god nok.

– Nei, i akkurat det tilfellet, så var ikkje utrykkingstida god nok. Men folk, også på utkantstadar, skal kjenne seg trygge på at politiet kjem, når dei treng oss, seier han.

Mindre tid til etterforsking

Vangberg er også uroa over kapasiteten til etterforsking. Med sju mann færre enn før, går mykje av ressursane til beredskap. No er kapasiteten til etterforsking halvert.

– Kven blir dei største taparane her?

– Eg vil ikkje spekulere i det. Men det er klart at folk i ytterkantane får ein dårlegare beredskap i Nordhordland, i Vest politidistrikt og resten av landet om dette held fram.

Vegopning på Bergum i Førde kommune