Den dystre statistikken Bakke vil snu

FLORØ/SOGNDAL (NRK): Han prøvde først som spelar – så som trenar. Likevel har Eirik Bakke aldri klart å slå Florø i ein obligatorisk kamp. I år har han to sjansar.

Eliteserien fotball: Sogndal - Sarpsborg 08, (3-3.)

REVANSJELYSTEN: Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner det er viktig for fotballen i Sogn og Fjordane at Florø er i førstedivisjon, men når laga møtes er det tre poeng som gjeldt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Eg trur det vert ein fantastisk ramme rundt kampane, men det er på tide at vi slår dei no, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Etter nedrykket frå eliteserien i fjor skal Sogndal og Florø for første gong møtast i ein seriekamp på toppnivå. Den første av kampane går i Florø, 1. juli.

Men dei siste teljande kampane mellom laga har ikkje gått vegen for «storebror» frå Sogndal.

To tap

Dei siste seks åra har laga møtt kvarandre to gonger i cupen. Begge har enda med siger til Florø. Først i 2012 då Florø var i tredjedivisjon og dei fleste spelarane var tenåringar. Det enda med 3–0 siger i første runde i NM.

Så skjedde det igjen, 31. mai i 2017. Sogndal tok leiinga, men etter scoringar Rashad Muhammed og Monir Benmoussa var det Florø som kunne jubla for avansement.

I begge kampane var Eirik Bakke med. Som spelar i 2012, saman med namn som Tore André Flo, Gustav Valsvik og Henrik Furebotn. I 2017 stod han på sidelinja som trenar for Sogndal.

– I år er det første gong på mange år at vi ikkje møter Brann i serien. Eg håpar kampane mot Florø vil få det same trykket, seier Bakke.

– Kjenner du eit ekstra press på å slå dei?

– Eg tenker ikkje for mykje på det, men dei kampane vert viktige for tilskodarane. Det er framleis berre tre poeng å spela om, seier Bakke.

Vil få cup-preg

Begge gongane Florø har slått Sogndal har det vore med Terje Rognsø som trenar og begge kampane har vore i cupen. Som kjend er det eit uttrykk som heiter «cup er cup».

Terje Rognsø, Florø-trenar

JUBEL: Florø-trenar Terje Rognsø har kunna knytte neven for siger begge gongane han har møtte Sogndal i cupen.

Foto: Truls Kleiven

– Det vert annleis med ein seriekamp enn det cupen er, men likevel trur eg desse kampane vil få eit cup-preg over seg, seier Florø-trenar Rognsø.

For sjølv om han ser fram til å få besøk av storebror i fylket, Sogndal, i serien skulle han helst sett at det ikkje var slik.

– Sogndal høyrer heime i eliteserien. Men kampane mot dei vert kjekke uansett. Men vi skal spele mange kampar før vi møter Sogndal og eg håpar begge laga har gjort det bra innan den tid, seier Rognsø.

Kampen er faktisk den siste i vårsesongen i serierunde nummer 15. Etterpå ventar tre veker med sommarferie for laga i førstedivisjon.

– Då betyr det mykje å ta med seg ei god kjensle inn i ferien, og det får ein av eit godt resultat, seier Rognsø.

Florø-Sogndal - Eirik Bakke og Peter Aase

TO GENERASJONAR: Eirik Bakke i duell med Florø-spelar Peter Aase under cupkampen mellom laga i fjor. Aase er født i 1995 og gjekk i barnehagen då Bakke vart seld for over 40 millionar frå Sogndal til Leeds i 1999.

Foto: Alf Vidar Snæland