Hopp til innhold

Den dyraste straumen i landet kan bli endå dyrare

Sogn og Fjordane har dei høgste nettleigeprisane i landet. No kan det bli endå dyrare. – Slik må det vera, seier olje- og energiministeren.

Leirdøla kraftverk

KRAFTVERK: Bygging av fleire kraftverk i fylket kan koste forbrukarane meir. Dette er Leirdøla kraftverk i Luster og bilde er brukt som illustrasjon.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Stortinget har sagt at nettleige skal syne att i kostnaden dei ulike kraftselskapa har med å få fram straumen til forbrukarane. Derfor blir det ulikt i ulike delar av landet, men sånn må det vera i eit system som skal vera sjølvfinansiert, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Fredag kunne NRK fortelje om frustrerte straumkundar og kraftselskap. Sogn og Fjordane er landets nest største produsent av kraft, men nettleigeprisane er over 40 prosent høgare enn landsgjennomsnittet.

Samstundes er det planar om ytterlegare utbygging av småkraftverk. Det kan gjere prisen endå dyrare i framtida.

Ingen utjamning av prisane

NVE har for tida inne 176 søknadar om utbygging av småkraftverk. 18 av desse i Sogn og Fjordane. Og fleire småkraftverk kan bety att nettleigeprisane vil gå opp endå meir.

– Det optimale hadde vore ei utjamning av nettleigeprisane så ein kunne fått tilnærma lik pris i heile landet. Det er urettferdig at dei som bur rett ved kraftstasjonen betaler nær det dobbelte av dei som betalar minst. Vi må få til ei utjamning, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Men ei utjamning av prisane ser ikkje ut til å skje.

– Det er ein liten post på statsbudsjettet til dei mest ekstreme tilfella, men det er ei lita ordning som i realiteten gjeldt tre kraftverk. Regjeringa har sagt at vi ikkje kan ha ein stor utjamning av nettleige i regionane, dei må basere seg på sjølvkostprinsippet, seier Søviknes.

Forslag til løysing

Årsaka til at nettleiga kostar meir i Sogn og Fjordane enn andre stadar i landet er geografien. Store avstandar, lange fjordar og høge fjell gjer at kvar kunde her har fire gongar så mange meter med straumnett som dei sentrale austlandsområda.

Asgeir Aase, Sogn og Fjordane Energi

Nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.

Foto: Ole-Andrè Rekkedal / NRK

I Sogn og Fjordane vert det produsert straum nok til å forsyne 700.000 einebustadar eller halvannan million menneske. Mesteparten vert sendt til andre stadar i landet.

– Det er ei velkjend problemstilling at nettleiga er dyrare her. Å få til eit utjamningsfond eller at vi får behalde innmatingsinntektene er tiltak som kunne verka, seier nettsjef i Sogn og Fjordane energi, Asgeir Aase.

Innmatingsinntekter høyrest gresk ut, men kort forklart fungerer det slik. Overskotsstraum frå Sogn og Fjordane vert sendt ut på sentralnettet og vidare til kundar andre stadar i landet. Pengane for den straumen ender ikkje tilbake hjå dei lokale kraftselskapa, men hjå nasjonale selskap.