Hopp til innhold

Den 18. noregsmeisterskapen i plomessteinpytting

Kvart år vert det arrangert noregsmeisterskap i plomesteinspytting i Leikanger, og også i år vart den tradisjonsrike meisterskapen arrangert i fruktbygda.

Plommespytting

BESTE DAME: Marte Kviberg vann dameklassen i plomespytting med eit spytt på 6,2 meter. Henning Rivedal kommenterte meisterskapen direkte.

Foto: Roar Vangsnes

– Det er nok den minst høgtidlege noregsmeisterskapen i landet, men litt seriøst er det jo, seier medarrangør og dommar Roar Vangsnes

Arrangementet er eit fast punkt under Fruktbare dagar i Leikanger, eit årleg stemne for å markere at innhaustinga av eple og frukt er i gong. Det er ope for alle å bli med, og skal vi tru arrangøren stiller alle ganske likt.

– Det er eigentleg veldig tilfeldig kven som blir med, og ikkje minst er det veldig tilfeldig kven som vinn. Det handlar ofte om å vere heldig.

Diplomar under spyttekonkurransen

DIPLOM: Dei tre beste skyttarane i kvar klasse fekk tildelt diplom etter konkurranseslutt

Foto: Roar Vangsnes

Krevjande dømming

Ein vinnar lyt likevel peikast ut, og det kan ofte vere ei like stor utfordring som sjølve spyttinga.

– Når steinen treff bakken blir han jo ikkje liggande. Det er nett som med diskos, ein må vere på plass og måle med ein gong. Det er ikkje noko digital måling i vår meisterskap, alt blir gjort på gamlemåten med stokk og måleband.

Norgesrekorden i plomesteinspytting er på over ti meter, men i år nådde ikkje det beste spyttet lengre enn seks meter og sytti centimeter.

Internasjonale deltakarar

Sjølv om ingen rekordar vart slått, var oppmøtet godt. I år møtte det også opp deltakarar frå andre land enn Noreg.

– Vi hadde fleire internasjonale deltakarar i år, mellom anna ei som hadde kome heilt ifrå Newcastle.

Kan de kalle det for NM i plomesteinspytting om de har med internasjonale deltakarar?

– Det har eg ikkje tenkt på, men du har jo eigentleg rett. Det var jo faktisk VM i plomesteinspytting som vart arrangert i Leikanger i år.

Flaut å spytte plommer

Kanskje er den internasjonale påverknaden sunt for konkurransen, arrangøren meiner nemleg at eit stort problem under stemnet er at folk tykkjer det er flaut å stå å spytte plommer.

– Folk blir flaue og dei torar ikkje å ta i skikkeleg. Det ser jo ganske dumt ut å spytte på plommer, så det er mykje å vinne på å bere tore å dumme seg ut.