NRK Meny
Normal

Demonstrerte mot føde-nedlegging

Omlag 500 personar møtte opp for å vise motstand mot nedlegginga av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Demonstrasjon på Nordfjordeid mot sjukehuskutt

VIL BEHALDE FØDEAVDELINGA: Nordfjordingane vil ikkje godta vedtaket frå regjeringa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I dag tok regjeringa avgjerd i den betente sjukehustriden her i fylket. Vedtaket innebærer at den medisinske akuttfunksjonen skal oppretthaldast, men Lærdal mistar gynekologen ved den forsterka fødestova og vert vanleg fødestove.

Også fødeavdelinga på Nordfjordeid vert omgjort til fødestove. Nordfjord sjukehus mistar også ortopedien.

– Ned med Ap

Demonstrasjonen kom i gang på få timar då det gjekk rykte om at media skulle vere ved operahuset på Nordfjordeid. Dette spreidde seg kjapt gjennom sosiale medium som Facebook og Twitter.

Mange av dei som hadde møtt fram ropte «Ned med Arbeidarpartiet» og det vart sunge «Ja, vi elskar.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Demonstrasjon på Nordfjordeid mot fødenedlegging

VIL HA FØDEAVDELING: Dei frammøtte hadde klare beskjedar om kva dei meiner.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vil ikkje godta nedlegginga

Leiar i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen, seier at det er eit fantastisk engasjement i Nordfjord.

– Vi kjem ikkje til å godta nedlegging av fødeavdelinga, seier ho.

Ho meiner at dette er ei nedlegging av lokalsjukehuset.

– At dei vel å gi pengar til ein ruspost som skulle hatt pengar for lenge sidan, og har oss som pilot i samhandlingsreforma, forandrar ikkje denne saka.

Dei fødande i Nordfjord blir frå hausten 2012 overførte til Volda sjukehus, men regjeringa ønskjer at ein skal opprette ei jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid.

– Nordfjorrådet har tidlegare sagt nei til fødestove. Står de fast ved dette?

– Vi har lytta til fagmiljøet som er primærhelsetenesta og ved Nordfjord sjukehus. Jordmødre har sagt at dette ikkje er framtidsretta og vi veit at dei fødande i Nordfjord kjem til å velje vekk eit slikt tilbod.

– Sjukehuset er utruleg viktig

Monica Løkling Mundal er heimflytta nordfjording og var ei av dei som hadde møtt opp ved operahuset.

– Dette er eit spontant arrangement for lokalsjukehuset. Dette er utruleg viktig for framtida vår, for regionen og utviklinga. Det er også snakk om mange arbeidsplassar. Det er uhyre viktig at vi vinn denne kampen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå