Hopp til innhold

Ikkje stol på Ellen Hambro, sa demonstrantane

Mellom 800 og 900 personar stilte opp framfor Stortinget tysdag kveld for å demonstrere mot gruveplanane i Vevring og særleg planane om fjorddeponi.

Knut Chr. Hallan og Elin Leer-Salvesen

KRITISKE TIL ELLEN HAMBRO: Knut Chr. Hallan og Elin Leer-Salvesen frå Nesodden meiner direktøren i Miljødirektoratet ikkje er til å stole på.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det var Natur og Ungdom, Naturvernforbundet som saman med Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe arrangerte demonstrasjonen framfor Stortinget tysdag kveld.

Deira bodskap til politikarane var: – Det er ikkje for seint å snu, redd Førdefjorden!

Jorunn Torsheim

BIDROG MED SONG: Jorunn Torsheim song «Å Vestland, Vestland» for demonstrantane.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Berre tull

Mellom demonstrantane var ei gruppe frå Nesodden, dei kalla seg Nesodden innbyggerinitiativ. Dei var ikkje nådige i sin kritikk mot direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

– Det er ingen grunn til å stole på Ellen Hambro. Ho vinglar i Førdefjorden, ho vingla veldig i Bøkfjorden ved Syd-Varanger gruver. No vedgår ho at det er altfor mykje kvikksølv i torsk i indre Oslofjorden. Vi kan ikkje bruke henne som fagleg garantist når det gjeld Førdefjorden, det er berre tull, sa Knut Chr. Hallan.

Gruppa har vore engasjert i gruvesaka i Sunnfjord sidan vedtaket i regjeringa kom.

– Det var høgst overraskande at regjeringa sa ja til eit bittelite gruveselskap som berre er interessert i å skaffe seg pengar på børsen. Dei kjem til å selje det heile til kinesarane, og så set dei norsk lakseeksport på prøve. Saka er frykteleg dårleg, det trur eg Erna Solberg må få med seg snart, seier Hallan.

Are og Erik Damman, Heidi Andersen og Eli Leer-Salvesen
Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Vil heim til Sunnfjord, men...

Inger Fure Grøtting frå Førde sa frå talarstolen at ho har eit ynskje om ein dag å flytte heim til Sunnfjord.

– Den dagen gler eg meg veldig til. Men vi ynskjer ikkje politikarar som manglar respekt for kunnskapsgrunnlaget og klare råd frå fag- og forskingsinstitusjonqar. Vi vil ikkje ha politikarar som ikkje bryr seg om naturen, som ikkje har respekt for naturen og ungdommen. Vi ynskjer oss eit berekraftig grønt framtidsfylke, ein heimplass vi kan halde fram å vere stolte av.

Inger Fure Grøtting

VIL HEIM, MEN...: Inger Fure Grøtting frå Førde heldt appell.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Stortingsrepresentant Rasmus Hanssom frå Miljøpartiet dei grøne gav vedtaket om fjorddeponi det glatte lag og hausta applaus for denne kraftsalven.

– Eg har jobba med natur og milljøvern sidan 1970, og dette vedtaket om å dumpe 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden er det dummaste vedtaket eg har opplevd i heile den perioden.

Rasmus Hansson

«DET DUMMASTE»: Stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå Miljøpartiet dei grøne karakteriserte vedtaket om fjorddeponi som det dummaste vedtaket han hadde opplevd så lenge han hadde jobba.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Innimellom appellane varta Jorunn Torsheim opp med «Å Vestland, Vestland» og Fridtjov Urdal bidrog med sitt niddikt mot gruveplanane.