Bakgrunnen for demonstrasjonen er at skipsindustrien er i ferd med å bli nedlagt i Førde og Florø. Arbeidarane har mellom anna gått i tog, der dei har frakta ei likkiste mellom seg som symbol på at regjeringa let industrien døy.
Atle Reidar Sandnes, leiar i Fellesforbundet i Førde og omland, er oppgitt over at næringsministeren har motarbeidd industrien. Fagforeininga vil ha eit næringsdepartement som er ein ressurs for industrien, og vil ha same vilkåra som dei har mellom anna i Spania.
Fagforeininga har arbeidd med denne saka i over eitt år, men har ikkje blitt høyrd, seier Sandnes.