Demonstrerte mot Helse Førde: – Vi er frustrert

Innbyggarane i Askvoll reagerer på at Helse Førde vil endre på ambulansetilbodet i kommunen. Søndag samla fleire seg til demonstrasjon.

Demonstrasjon Askvoll

DEMONSTRASJON: Mykje folk møtte fram på Askvoll for å demonstrere søndag formiddag.

Foto: Marion Mjåseth
gamlem
Journalist
Roar Landøy, Jostein Grane, Frida Melvær

TALE: F.v. Roar Landøy i Værlandet/Bulandet Vel, Jostein Grane i Atløy Vel og ordfører i Askvoll, Frida Melvær.

Foto: Marion Mjåseth

Fredag vedtok Helse Førde at bilambulansen i Askvoll blir flytta til Dale og at båtambulansen blir erstatta med taxibåt.

Ordførar i Askvoll kommune, Frida Melvær, uttrykte stor frustrasjon over avgjeringa allereie same dag, og søndag samla mange av innbyggarane seg til demonstrasjon mot vedtaket.

– Dei tek vekk tryggleiken til folket som bur her. Dette er ein vere eller ikkje vere-situasjon for oss. Det ser ein i dag, når så mykje folk mobiliserer og uttrykker sin frustrasjon, seier leiar i Atløy Vel, Oddbjørn Veka.

Han har blitt nedringd av sinte innbyggarar sidan fredag, som har sagt at ein må markere misnøya med Helse Førde si avgjering. Og søndag møtte cirka 130 menneskje opp for å demonstrere.

Demonstrasjon Askvoll

Innbyggarane på Askvoll demonstrerer mot Helse Førde sitt vedtak om å flytte bilambulansen til Dale og at båtambulansen blir erstatta med taxibåt.

Foto: Marion Mjåseth

– Ikkje bra

I 1998 vedtok Stortinget at responstida for akuttpasientar skal vere maksimum 25 minutt. Veka meiner at Helse Førde ikkje vil kunne klare å kome fram innan den fristen til dit han bur med den nye ordninga.

– For ei lita stund tilbake hadde vi eit tilfelle med ein hjartepasient her på Atløy. Då stod ambulansebilen på Dale, måtte køyre til Askvoll og vidare med ambulansebåt derifrå. Frå vi ringde 113, tok det 35 minutt før ambulansepersonell var her, fortel han.

– Responstida i dag er innanfor det som er akseptabelt, det er leveleg for oss. Men tilbodet som vi no skal få er ikkje bra. Det er ikkje kvar dag at ein båt kan køyrde 35 knop hit, seier han om den nye ambulansebåten, som det er planlagt å kjøpe.

Vil bu på øyane

Veka seier at han og fleire andre innbyggarar oppfattar vedtaket til Helse Førde som ein oppmoding om å flytte vekk frå øyane.

– Eg trur dette er Helse Førde sin måte å seie at dei vil at vi skal flytte til fastlandet. Vi betalar skatt som alle andre, men blir ikkje sett pris på.

– Eg trur ikkje at dei som gjorde vedtaket i Helse Førde sjølv har vore her ute i distriktet, og sett og kjent på korleis det faktisk er å bu her, meiner leiaren i Atløy Vel.

Ambulansebåt Askvoll

Ambulansebåten i Askvoll blir borte og erstatta med ein større stasjonert i Solund.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.