Demonstrerer mot valdtektsdom i heile landet

– Det er utruleg fint at så mange engasjerer seg i saka, seier Andrea Voldum.

Andrea Voldum

STØTTE: På måndag blir det arrangert demonstrasjonar over heile landet til støtte for Andrea Voldum etter frifinning av tre menn som ga ei potensielt dødeleg dose av det narkotiske stoffet MDMA til då 18 år gamle Voldum for så å ha sex med ho.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er organisasjonen Kvinnefronten som har teke initiativet til demonstarsjonen som skal vere i både Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim på måndag.

Bakgrunnen for demonstrasjonen er at tre menn i juli blei frifunne i Borgarting lagmannsrett for gjengvaldtekt i Hemsedal i 2014.

Dei tre mennene ga ei potensielt dødeleg dose av det narkotiske stoffet MDMA til då 18 år gamle Voldum for så å ha sex med ho.

21 år gamle Voldum frå Lærdal valte å offentleggjere namnet på dei tre mennene i sosiale medium, og saka har vakt sterke reaksjonar i heile landet etter at den blei kjend.

– Grufullt

Astri Holm i Kvinnefronten fortel at bakgrunnen for demonstrasjonen på måndag er for å vise avsky mot frifinninga.

– Denne dommen er utruleg provoserande. Eg har nesten ikkje ord for kor grufullt dette er. Dette går på rettsikkerheita til kvinner.

Det var nettavisa Nordlys som først skreiv om demonstrasjonen.

Holm fortel at medlemmer i Kvinnefronten har blitt kontakta av fleire hundre kvinner og menn den siste veka som er opprørt over domen i Borgarting lagmannsrett.

Ifølgje Holm er målet med demonstrasjonen at haldningar til valdtekter skal bli teke opp til diskusjon.

– Vi vil at dei som utfører ei valdtekt kan vente seg ei straff.

Ho rosar Voldum som har valt å stå fram med saka si.

– Det er modig. Ho har skapt engasjement. Ho har mange i ryggen.

Får enorm støtte

Voldum reiser sjølv til Oslo måndag for å vere tilstades under demonstrasjonen.

– Eg syns jo det er veldig fint. Eg har ikkje heilt teke innovere meg at så mange støttar meg.

Den siste veka har det tikka inn både SMS og meldingar på Facebook heile døgnet. Nesten alle er positive og støttande, men somme er meir kritiske.

– Det er ein del som trur eg berre er ute etter oppmerksomhet. Somme har skrive at eg freistar gamle menn ved å vere så pen.

Uansett er Voldum glad ho valte å publisere innlegget på Facebook.

– Eg er glad eg kan vere med å setje fokus på dette. Dette er ei viktig sak, ikkje berre for meg.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.