NRK Meny
Normal

Sakna mann funnen i god behald i Hornindal

Ein 88 år gamal dement mann er funnen i god behald etter å ha vore sakna frå ein institusjon i Hornindal.

Laster kart, vennligst vent...

MANN SAKNA: Den sakna mannen har truleg vore borte frå institusjonen i Hornindal sidan klokka 23 i går kveld.

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Den sakna mannen vart funnen kring klokka 19.45 tysdag kveld, i ei bygning 2-3 kilometer frå institusjonen han var sakna frå.

Mannen hadde då truleg vore borte frå institusjonen sidan klokka 23 måndag.

Ei politipatrulje vart etablert ved Helse- og sosialsenteret i Hornindal, og mannskap frå Raude Kors og Norske redningshundar vart kalla ut for å delta i leitinga.

Politiet opplyser at aksjonen no er i ferd med å verte avslutta.

Vegopning på Bergum i Førde kommune