Hopp til innhold

Deltek to gonger på Norway Cup og ein gong på Landsskyttarstemnet – på eit døgn

FLORØ/FØRDE (NRK): Spela fotball på Norway Cup i Oslo tysdag morgon. Skyta på Landsskyttarstemnet i Førde tysdag ettermiddag. Så fotball att på Norway Cup onsdag morgon. Slik er døgnet for Tor Kristian Dulsvik (14).

Tor Kristian Dulsvik

15.09: Dei har nettopp parkert i Kråkenesmarka, der skytebana er. Tor Kristian kler på seg skyttarkleda. – No byrjar det å regna, så me kan ikkje sitta her lenger, seier mamma Lene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Klokka er 09.00. På Ekebergsletta i Oslo står Sogndal sit gutelag på den eine banehalvdelen, Os sitt lag på den andre. Tor Kristian Dulsvik står i mål for Sogndal.

Me spolar nesten fem timar fram. Klokka er 13.55. WF135 frå Oslo har akkurat landa på Florø lufthamn. Inn i ankomsthallen kjem Tor Kristian Dulsvik, som om knappe tre timar skal skyta på Landsskyttarstemnet i Førde.

Etter fire timar på skytebana vender han og familien nok ein gong bilen mot Oslo. Onsdag klokka 08.00 skal han på ny stå klar på ei fotballbane i hovudstaden.

13.55

Tor Kristian Dulsvik
Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sogndal Fotball sin overtrekksdress går Tor Kristian av flyet og inn i ankomsthallen i Florø. Mamma Lene Dulsvik, som har vore i Førde nokre dagar med resten av familien, plukkar han opp.

– Det gjekk eit fly til Førde som landa 15.30 også, men det vart for knapt opp til skytinga klokka 16.20. Så då vart det Florø, seier ho.

Trass i den litt spesielle oppladinga, satsar han på å nå finalen i feltskyting.

– Norway Cup var hovudprioriteten. Men då eg såg det opna seg opp ein sjanse for å få med litt av skytinga, så tok eg sjansen på at det gjekk, seier sogndølen.

15.13

Tor Kristian Dulsvik
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bilen parkerer i Kråkenesmarka. Han får på seg skyttarbuksa, men jakka ventar han litt til med. Ammunisjonen blir gjort klar den innleiande runden. Tidlegare i år skaut Tor Kristian seg til fjerdeplass i «Vestlandsstevnet» i klassen sin, eldre rekrutt. Om han skyt på sitt vande nivå, bør ein finaleplass på fredag vera innan rekkevidde.

– Det er litt spesielt å vera her, berre fem timar etter eg spelte fotball i Oslo.

– Om de går vidare i Norway Cup, og du skal både spela fotballkamp og skyta feltfinale på fredag, kva blir det då?

– Det er ein god del kampar som skal vinnast før det blir krasj.

– Men om du må velja?

– Hmm. Då trur eg det blir skyting. Men mykje skal gå vegen om det blir to finalar!

17.50

Tor Kristian Dulsvik
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tor Kristian treff alle 30 blinkane, 24 av dei er innertreff. Dermed blir det finale på fredag. Men feiringa blir knapp, for no skal han av garde til Oslo att med ein gong. Klokka 08.00 onsdag er det ny kamp på Ekebergsletta, denne gong mot Elverum. Familien reknar med å vera i Tigerstaden klokka to i natt.

Og innan fredag: Retur til Førde og finale i feltskyting i klassen eldre rekrutt på Landsskyttarstemnet 2017.