Hopp til innhold

Hotell fekk høgthengjande pris

Gloppen Hotell på Sandane fekk fredag utdelt årets reiselivspris for Sogn og Fjordane.

Reiselivspris

FEKK PRIS: Lindy Paulen (f.v.), Terese Honningsvåg og Bodil Fjellestad Eikrem tok imot prisen på vegne av Gloppen Hotell. Olav Hjelle i Sparebanken Vest er prisutdelar. Foto: Tor Yttri

Foto: Tor Yttri / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dei gjekk heilt til topps då den mest innovative reiselivsverksemda i Sogn og Fjordane skulle kårast. Prisen på 50 000 kroner frå Sparebanken Vest vart delt ut på reiselivskonferansen «Fjordane frå bre til hav» i Loen fredag 3. februar.

Dei blir no Sogn og Fjordane sin kandidat til den nasjonale reiselivsprisen, som skal delast ut til hausten.

Prisen vart delt ut av fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, og regionbanksjef i Sparebanken Vest, Olav Hjelle.

– Eg synest at dei som har røysta, har bidrege til å kåre ein verdig vinnar. Juryen plukka ut seks gode kandidatar blant i alt 25 verksemder som vart foreslått. Den prosessen var ikkje enkel. Vi er imponerte over mangfaldet, og ikkje minst kvaliteten, som finns i reiselivsnæringa i fylket, seier Olav Hjelle.

Prisutdelinga markerte slutten på den to dagar lange reiselivskonferansen i Loen 2. og 3. februar.

I si omtale av vinnaren skriv juryen mellom anna at hotellet har prova at godt vertskap er lønsamt.

Juryen skriv dette om vinnaren
"Gloppen Hotell har bevist at godt vertskap er lønsamt. Med nybygde gjesterom, konferanseavdeling og kjøkken, kan dei i dag ønskje fleire gjester velkommen til staden som engelske lakselordar oppdaga for meir enn 100 år sida. (...) Som gjest ved Gloppen Hotell forstår du kva det vil seie å nyte maten. Kjøkkensjefen på hotellet, Bodil Fjellestad, har løfta satsinga på lokale råvarer og lokale mattradisjonar heilt til topps i konkurranse med andre reiselivsbedrifter i Noreg. "

I tillegg fekk to verksemder heiderleg omtale, Jostedalen Breførarlag og Knutholmen i Kalvåg.