Hopp til innhold

Delte meiningar om nytt HF-namn

– Det er for seint. Det er som å tisse litt på bålet, seier styremedlem i Sjukehusaksjonen i Nordfjord om framlegget til nytt namn til Helse Førde.

Førde sentralsjukehus 21

NYTT NAMN: Dagens Helse Førde har sitt hovudsete i Førde og namnet ber preg av det. No ynskjer pasientombodet å endre namnet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er delte meiningar etter at pasientombodet i Sogn og Fjordane, Ove Mjåtveit, tek til ordet for å endre namnet «Helse Førde» til «Sogn og Fjordane Helseføretak».

Sjukehusaksjonist Jan Eide meiner skaden allereie har skjedd, og at ei namneendring kjem for seint.

Jan Eide

FOR SEINT: Styremedlem i sjukehusaksjonen i Nordfjord, Jan Eide.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– For meg spelar det inga rolle. Dei har øydelagt heile greia, og då er det ikkje hjelp i å få vekk Førde-namnet sjølv om det er belastande, seier han.

– Provoserande

Det er i årsmeldinga at pasientombodet føreslår å endre namnet. Det har storma kring helseføretaket og Sunnfjord-regionen i samband med omlegginga.

Ei namneendringar har også tidlegare vore vurdert.

– Eg føreslår å kalle det «Sogn og Fjordane Helseføretak». Det fylket som føretaket skal levere tenester til. Eg trur også at «Helse Førde» er provoserande for mange, seier Mjåtveit.

– Kan vere samlande

Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen ved Rica Sunnfjord Hotell lever av å trekkje folk til Førde. Men ynskjer velkomen at helseføretaket med hovudsete i byen hadde kvitta seg med namnet.

Gullaksen trur ei namneendring kan virke samlande.

– Det som er viktig er at namnet på helseføretaket vårt ikkje skaper stridar innanfor fylket, seier han.

Vil koste

Nyvald styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad ynskjer ikkje å kommentere pasientombodet sitt namneforslag.

Nestleiar Knut Cotta Schønberg seier det er naturleg at styret gjer seg opp ei meining når årsmeldinga frå ombodet kjem opp i styret.

Ei namneendring vil koste pengar, og ein må i så fall vurdere om det er rett pengebruk.

Lite å seie

Etter ein årelang strid om sjukehustenestene i fylket, vedgår Eide i Nordjford at han har irritert seg over Førde-namnet.

No har sjukehuset bore namnet i 11 år, og han har lita tru på at det vil skje noko revolusjonerande med eit nytt namn.

– Slik eg ser det, så går det mot eit lokalsjukehus i førde og nedlegging av resten, seier han.