Hopp til innhold

I dag barkar politikarane saman om E39 - du kan delta i debatten

Klokka 14 i dag går startskotet for ein time lang valdebatt om ei av dei store stridssakene på Vestlandet, framtidige E39.

Liv Signe Navarsete

I DEBATT: Sp-leiar Liv Signe Navarsete og ei rekkje andre politikarar møtest til debatt om E39 no klokka 14.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bru eller ferje, indre eller ytre alternativ - og kven skal betale mest, staten eller bilistane. Konfliktane er mange og djupe kring det som etter alle solemerke blir den største samferdslesatsinga i vest nokon gong.

7. mars kom nyheita ut i full breidde. Regjeringa går inn for å byggje ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim innan 20 år, til ein prislapp på kring 150 milliardar kroner.

– Dette er den største samferdslesatsinga i norgeshistoria, og ambisjonen er å få det til innan 20 år, sa næringsminister Trond Giske (Ap) den gongen.

Følg sendinga direkte

På eit hotell i Førde har politikarar, næringslivsfolk og andre vegentusiastar sete kvarandre stemne i heile dag.

Men no klokka 14 er det politikarane som skal i fokus. Med temaet «Kva målsetjingar har partia for opprusting og ferjefri E39 på Vestlandet?», skal dei debattere i bortimot ein heil time - direkte på radio.

Sendinga frå debatten kan du følgje direkte via radio hjå anten NRK Møre og Romsdal og NRK Sogn og Fjordane.

Delta i debatten!

Vi oppmodar lyttarane, sjåarane og lesarane om å kome med sine synspunkt både før, under og etter debatten. Dette kan du gjere til dømes via Twitter, Facebook eller Instagram. Bruk gjerne emnemerka #nrkvalg, #nrkmogrvalg og #nrksf. Nokre av synspunkta kan bli brukt på heimesidene våre.

Debatten blir leia av Erlend Blaalid Oldeide, og i panelet sit Liv Signe Navarsete Sogn og Fjordane Sp, Else May Botten, Møre og Romsdal Ap, Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane H, Åsta Årøen, Hordaland V, Oskar Grimstad, Møre og Romsdal Frp, Trude Brosvik, Sogn og Fjordane Krf og Vibeke Johnsen, Sogn og Fjordane SV.