Hopp til innhold

Stryn og Askvoll deler førsteplassen i Klassequizen

Olden skule var tredje skule ut i den store Klassequizen. Tre ivrige karar var klare til å forsvara Olden si ære.

Stryn skule i klassequizen

GJORDE DET GODT: Helga Vik Skrede, Kristian Høgalmen, Fredrick Eimstad Egge frå Stryn ungdomsskule.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK Sogn og Fjordane

– Vi får prøve å halde roen, men vi kjenner det inni oss at det er live, seier Andreas Sæten, Ole Jakob Sande og Bendik Kvamme.

Dei har alle fulgt med på TV og radio og hatt quiz derifrå for å få med seg mykje kunnskap.

Var ikkje nøgde

Sjølv om spesialiteten var sport, og då spesielt fotball, gjekk det ikkje så bra på spørsmålet om kva land fotball EM vart arrangert i sommar.

– På grunn av dårleg tid og stress fekk eg heilt jernteppe, men eg visste eigentleg at det var Polen og Ungarn.

Olden skule fekk fire av tolv poeng. Noko dei ikkje var heilt nøgde med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Deltakarar på Olden skule

OLDEN SKULE: Andreas Sæten, Ole Jakob Sande og Bendik Kvamme var representantane frå Olden skule.

Foto: Erlen Blaalid Oldeide / NRK Sogn og Fjordane

Kan gå vidare til nasjonal finale

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse der kvart fylke har sine innleiande rundar. Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til lokale finalar. Til slutt møtest dei lokale vinnarane i nasjonal finale på TV i mai 2013.

Til no er åtte poeng toppscore i Sogn og Fjordane. Det fekk Askvoll skule på måndag. Dei ligg på ein delt fjerdeplass i landet. To skular i Trøndelag ligg på delt førsteplass i landet med 11 poeng.

Stryn slo Olden

På Stryn skule var Fredrick Eimstad Egge, Helga Vik Skrede og Kristian Høgalmen valde ut til å svara på spørsmåla frå quizmaster Erlend Blaalid Oldeide.

– Målet vårt er å klare riktig svar på sju eller åtte spørsmål. Vi må slå nabobygda Olden, viss ikkje vert det pinlig, er dei einige i.

Dei gjorde det bra i kategorien «film», der dei svarte rett på tre av fire spørsmål. Dei visste blant anna at fotografiet vart oppfunne på 1800-talet.

Det som irriterte Helga Vik Skrede ekstra er at dei bomma på spørsmålet om kven som hadde skrive melodien til «Ja,vi elsker». Der svarte dei Bjørnstjerne Bjørnson.

– Sjølvsagt er det Rikard Nordraak, bryt Skrede ut når det riktige svaret vert lest opp.

Stryn ungdomsskule fekk åtte av tolv poeng. Dei slo dermed Olden og ligg på delt førsteplass i fylket saman med Askvoll skule.