Marius har første skuledag i dag - del dine bilete frå dagen med oss og vinn premie

Marius Skrede er ein av mange spente og forventingsfulle 1.-klassingar som gjorde seg klar til første skuledag i dag.

Marius Skrede

KLAR: Marius gler seg mest til å sparke fotball i friminutt, og har allereie lært seg å skrive og rekne.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK
Morten, Aud-Gunn og Marius Skrede

PÅ SKULEPLASSEN: Ein spent Marius Skrede på plass ved Slåtten skule saman med foreldra Morten og Aud-Gunn Skrede.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg trur det blir mykje lekser, men det blir kjekt. Det eg gler meg mest til er å vere ute og spele fotball, seier Marius Skrede.

I dag er han ein av mange som tek skulesekken på for første gong og tek til i første klasse. Sjølv har han ikkje tenkt så mykje på korleis det blir å starte på skulen.

Del dine bilete med oss og vinn premie

Vilma

STOLT SKULEJENTE: Vilma har sin første skuledag i Sogndal i dag.

Foto: Thomas Dalsøren

Har du nokon som også tek til på skulen i dag? Del dine bilete med oss på Instagram, ved å merke dei med #nrksf. Vi trekk ut premiar til tre av bileta som blir sende inn.

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere bildet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett. Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Du kan også sende inn dine bilete på sf@nrk.no.

Alt pakka og klart til den store dagen

Mange førsteklassingar har kanskje kjent på sommarfuglane i magen i løpet av helga og dagen i dag. I fleire heimar rundt om i fylket har ein førebudd seg ved å handle inn skulesekk, pennalhus og kanskje nye sko og klede. Slik er det også for Marius.

I gangen står ein blå sekk, med pennalhus, fylt med nye blyantar. Ei bok med teikningar, som Marius sjølv har skrive namnet sitt på.

– Eg har øvd på å skrive og å rekne, fortel førsteklassingen stolt, før sekken kjem på ryggen og vegen går mot skulen og første skuledag.

Det var ikkje berre førsteklassingane som har hatt sommarfuglar i magen før skulestart. Lærarane Siri Walle Øen og Lillian Furnes var begge spente på å møte elevane sine på Slåtten skule. Men etter å ha helsa på kvarandre og snakka litt saman, var det mange som var varme i trøya. Dans midt i timen må til for utolmodige sjeler. Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

VIDEO: Det var ikkje berre førsteklassingane som har hatt sommarfuglar i magen før skulestart. Lærarane Siri Walle Øen og Lillian Furnes var begge spente på å møte elevane sine på Slåtten skule. Men etter å ha helsa på kvarandre og snakka litt saman, var det mange som var varme i trøya. Dans midt i timen må til for utolmodige sjeler. Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

Her er bilete som er merka med #nrksf på Instagram:

Laster innhold, vennligst vent..

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.