Hopp til innhold

Del dine festivalbilete med oss

Er du heilt ute i havgapet på Utkant, inne i Sognefjorden på Fresn, eller tygg du geitost i Undredal? Del gjerne dine blinkskot frå festivalane med oss på Instagram.

Utkant 2015

UTKANT: Dette biletet er av festivaldeltakarar på Utkant. Del gjerne dine bilete frå Utkant, Fresn, Geitostfestivalen eller andre arrangement med oss.

Foto: Gøril Sætre

Du deler bileta ved å merke dei med emneknaggen #nrksf.

Denne helga går fleire festivalar av stabelen. Sommaren har vore fråverande i lange periodar den siste tida, men ifølgje yr.no skin sola mange stader i fylket no.

På dei tre festivalområda på Skjerjehamn i Gulen (Utkantfestivalen) Fresvik i Vik (Fres Festival) Undredal i Aurland (Geitostfestivalen) og er det ikkje meldt noko nedbør før utpå kvelden, og då berre i små mengder.

Uansett ver og vind, håpar vi du vil dele dine bilete frå desse eller andre festivalar og arrangement denne helga. Del sjølvsagt også gjerne om du ikkje er så glad i organiserte aktivitetar, men tar helga som ho kjem.

Ta gjerne med kvar biletet er teke når du legg ut på Instagram. Då kjem du med på biletkartet vårt under.

Skulle du ønskje å sende bileta på andre måtar, kan du gjere det via Facebook-sida vår eller på e-post sf@nrk.no eller MMS med kodeord SF til 1987.

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..