Hopp til innhold

Del dine bilete frå langhelga med oss!

Går du i arbeidartog? Er du på hytta? Til fjells på ski? Eller nyt du rolege dagar i heimen?

Hjortesafari og fisking

HJORTESAFARI OG FISKING: Stian Andrè Skjerven har mellom andre brukt #nrksf på dette biletet på Instagram, og skrive teksten «hjortesafari og fisking». Send oss dine bilete du også. Les korleis du gjer det lenger nede.

Foto: Stian Andrè Skjerven

Kiting på Sognefjellet

MORO: Kiting på Sognefjellet - Smørstadbbreen og tindane bak.

Foto: Karin Vatne
Høge brøytekantar på Sognefjellet

LITEN BIL: Høge brøytekantar på Sognefjellet.

Foto: Karin Vatne
Spor i snøen

SPOR I SNØEN: Kven har gått her tru?

Foto: Karin Vatne

Meteorologen har varsla flott vêr, og vi vil sjå kva du nyttar helga til.

Vi har no trekt ut to innsendarar som får flaxlodd og NRK-krus. Dei to heldige er Karin Vatne i Skjolden og Håvard Nesbø i Sogndal.

Det er fleire måtar du kan dele dine bilete med oss:

  • Instagram – merk bileta med emneknaggen #NRKSF og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
  • Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
  • Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • Bruk epost sf@nrk.no

For å få med biletet på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er. Blir ikkje bileta geotagga, hamnar dei berre i biletstraumen under her og ikkje på sjølve kartet. Her kan du lese korleis du legg bileta på kartet vårt:

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..