Hopp til innhold

Det vil bli dekningshòl i det nye naudnettet

Det vil ikkje vere hundre prosent dekning med det nye naudnettet, men det blir likevel mykje betre enn det gamle analoge nettet, seier Cecilie Løken i Direktoratet for nødkommunikasjon.

Nødnett

NYTT NAUDNETT: Det blir mykje betre enn det analoge nettet, men hundre prosent dekning blir det ikkje, fortel Cecilie Løken.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

– Det vil vere område som ikkje får dekning, seier avdelingsdirektør Cecilie Løken i Direktoratet for nødkommunikasjon.

Det nye naudnettet har vore under planlegging i 20 år, og har kosta seks milliardar kroner.

Før nyttår skal naudetatane i Sogn og Fjordane kunne ta i bruk det nye naudnettet. Då vil helse-, brann- og politimannskap kunne snakke saman på ein og same radiokanal.

Hundre prosent dekning med det nye naudnettet vil det likevel ikkje vere.

Manglande dekning i ei rekkje tunnelar

Det vil vere manglande naudnett-dekning i ei rekkje tunnelar, i tillegg til at det vil vere svarte flekker på kartet andre stader der naudetatane ikkje vil kunne nytte naudnettet.

Det er til dømes ikkje lov å byggje basestasjonar i nasjonalparkar, men ifølgje Løken finst det alternativ.

Alternative løysingar der det er dekningshôl

– Me har ikkje moglegheit til å byggje inne i nasjonalparkar, men der byggjer me no med ein teknologi som gjer det mogleg å etablera mellombels dekning i område der det ikkje er dekning, seier Løken.

Trass i dekningshòla meiner Cecilie Løken at naudetatane vil oppleve ei kraftig forbetring med det nye naudnettet samla sett.

– Det blir mykje betre enn dei gamle analoge netta, seier Løken.

– Når det gjeld tunnelar vil nesten dobbelt så mange tunnelar få samband i forhold til dei som har det i dag. Det er rett at det framleis vil vere nokon som vil vere utan, men veldig mange fleire vil få, held Løken fram.

(Artikkelen held fram under)

Cecilie Løken

ALTERNATIV: Det finst alternative løysningar der det ikkje er dekning med det nye naudnettet, seier avdelingsdirektør Cecilie Løken i Direktorat for nødkommunikasjon.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Naudetatane må gjere seg kjende med nettet

– Når det kjem til dekning elles er det sett opp eit dekningskart der ein har rådført seg med dei lokale naudetatane, også i Sogn og Fjordane, seier Løken.

Avdelingsdirektøren fortel at dei har hatt fokus på vegar og tettstader, men at det også vil vere dekning utanfor område med busetnad.

Når det nye naudnettet no kjem opp i Sogn og Fjordane meiner Løken det er viktig at dei lokale naudetatane gjer seg godt kjende med det.

– Det er viktig at naudetatane lærer å kjenne nettet sitt slik at dei veit kor det er dekning, og kor dei treng å nytte seg av mellombels løysingar, seier Løken.