Hopp til innhold

Dekkjer fylkeskommunen sine Fjord1-utgifter

Transportselskapet Torghatten dekkjer fylkeskommunen sine konsulentutgifter på 11 millionar i samband med Fjord1-salet.

Brynjar Forbergskog

Konsernsjef i Torghatten, Brynjar Forbergskog, avviser at han har brukt dårlege rådgjevarar i samband med forsøket på å kjøpe fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar.

Foto: Hildegunn Tjøsvoll / Avisa Nordland

Dette får NRK stadfesta av fylkesordførar Jenny Følling. Ho er på ferie i Spania og ønskjer ikkje ut over dette å kommentere saka. Tidlegare har fylkesrådmannen vist til at Torghatten vil dekkje det aller meste av fylkeskommunen sine utgifter i samband med Fjord1-saka.

Fylkeskommune har brukt mykje tid og krefter på å førebu sal av den 59 prosent store aksjeposten i Fjord1. Det har mellom anna vore leigd inn eksterne konsulentar for 11 millionar kroner, konsulentar som meinte at salet ikkje ville bli stoppa av Konkurransetilsynet.

Vurderer anke

No har Konkurransetilsynet likevel stoppa salet. Eit eige punkt i avtalen med Torghatten gjer derimot at transportselskapet sjølv må dekkje konsulentutgiftene på 11 millionar kroner.

Konsernsjef Brynjar Forbergskog i Torghatten ønskjer ikkje å gje noko kommentar til at selskapet må dekkje fylkeskommunen sine konsulentutgifter. Samtidig fortel han at dei no vurderer om Konkurransetilsynet sitt vedtak skal ankast.

– Vi går no igjennom Konkurransetilsynet sitt vedtak og vurderer situasjonen.

– Så det er ikkje sikkert at de vil sende inn ein anke?

– Vi har saka under vurdering. Kva den endeleg konklusjonen blir kan eg ikkje seie noko om no.

Vil ikkje kommentere utgifter

Forbergskog vil ikkje seie at Konkurransetilsynet sitt vedtak er eit nederlag for Torghatten.

– Saka er samansett og vi ser ikkje på vedtaket som noko nederlag.

– Har Torghatten brukt dårlege rådgjevarar?

– Nei, det har vi ikkje.

– Kor store summar har Torghatten brukt på å prøve å få kloa i Fjord1-aksjane?

– Vi har brukt mykje tid og krefter på saka, seier Forbergskog som ikkje ønskjer å kommentere kor mykje pengar som har gått med.