Hopp til innhold

Dekkhus over heile landet blir nedringt av kundar

FØRDE (NRK): I Førde starta dekkskift-sesongen fleire veker før dei forventa – i Oslo har dei knapt tid til å ta telefonen.

Dekkskifte-sesongen er i gong.

TRAVELT: Harald Øvrestrand har det travelt i dekkskifte-sesongen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Eg hadde ikkje skifta no om eg ikkje skulle over fjellet. Eg tykkjer det er litt tidleg, seier Oddne Fimland på veg ut av dekkhotellet i Førde. Her har han nett levert bilen til dekkskifte, før turen går austover.

Kunde Oddne Fimland

TIDLEG: Oddne Fimland har levert bilen til dekkskifte før han skal over fjellet, men tykkjer det er litt tidleg.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Han er ikkje åleine om å vera tidleg ute. NRK har teke ein ringerunde til fleire dekkhus i heile landet, som stadfestar trenden. I Oslo er det så hektisk at dei knapt kunne ta telefonen.

– Eg har ikkje tid til å prate, ring meg tilbake i november, kjem det kjapt før me rekk å få namnet.

Var ikkje klare

Dagleg leiar i Førde Vulk, Ståle Kvammen, merkar trykket og opplever at sesongen har starta tidlegare enn den plar.

– Det vart veldig tidleg dekkskifte-sesong i år. Sesongarbeidarane våre kjem ikkje før 8. oktober, så sesongen starta nesten tre veker før me venta oss, fortel han.

Ståle Kvammen er nøgd med at sesongen er i gong.

DEKKHOTELL: På Førde Vulk ligg dekka klare til å kome på vinterføre, fortel dagleg leiar Ståle Kvammen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Kvammen fortel at hausten er den mest hektiske perioden.

– På våren har folk litt betre tolmod, og kan vente litt. Skal dei på tur no, og det er snø, så må dei liksom skifte. Så det er alltid større press på hausten, seier han.

Jan Magne Snildal skjekkar dekket.

GRUNDIG: Jan Magne Snildal sjekkar dekka nøye før dei går på bilen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Jan Magne Snildal arbeider i verkstaden, der det er full rulle med dekkskift.

– Det kan bli litt hektisk, og ein kjenner på at ein kanskje burde prioritert vinterdekk framfor trillebår-dekk. Men det er ikkje alle kundane som er einige i det, humrar han.

Kan bli politimeld

Frå 1. november – med unntak av Nordland, Troms og Finnmark der datoen er 15. oktober – kan ein skifte til piggdekk. Sjef i Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen fortel at mange er usikre og tek kontakt med dei. Han presiserer at lova er tydeleg på at køyretøy ikkje må brukast utan at dei er sikra tilstrekkeleg veggrep.

– Tryggleiken er det viktigaste for oss. Dersom ein blir teken med sommardekk på vinterføre, er det ikkje rom for skjønn. Det er svært risikabelt å utfordre tryggleiken ved å køyre med dekk som ikkje er skodd for vinterføre. Då får ein køyreforbod, og blir meldt til politiet, fortel han.

Runar Karlsen, UP-sjef

Runar Karlsen, sjef i UP.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skift når det trengst

UP-sjefen fortel at det er meir rom for skjønn når det kjem til vinterdekk.

– Møter me nokon med piggdekk der det ikkje er behov for det, brukar me skjønn og dømekraft. Er ein på veg til eller frå fjellet, får ein køyre heim. Utanfor datoperioden der det er lov med piggdekk, kan ein ikkje køyre rundt med piggar i dagevis dersom det er tørr asfalt og ikkje vinterføre, seier han.