Hopp til innhold

Dei voks opp utan å vite noko om krigsdramaet i familien

HERMANSVERK (NRK): Syskena Svanlaug Aas Linde, Olav Aas og Agnar Aas hugsar ein far som slo av radioen når det kom innslag om krigen.

Svanlaug Aas Linde, Olav Aas og Agnar Aas

VISSTE IKKJE NOKO: Syskena Svanlaug Aas Linde, Olav Aas og Agnar Aas vart over 30 år før dei fekk vite kor hardt krigshandlingar hadde råka familien.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Først på 1980-talet fekk dei vite at faren, Sverre Aas, vart hardt skadd under kampane i Valdres 20. april 1940 og korleis farfaren, Olav Aas, omkom under bombinga av Voss tre dagar seinare.

– Vi visste ingenting før vi vart vaksne, for han fortalde aldri noko, seier Svanlaug som er eldst i søskenflokken, fødd i 1948.

Ho bur på Hermansverk, der ho har budd sidan ho var tidleg i tenåra. Olav som er fødd i 1949, bur i Bergen, medan Agnar (1951) er busett i Oslo.

– Grov seg ned i arbeid

Dei hugsar ein far som arbeidde heile tida. Han var lærar, seinare fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane, jobbar som kravde mykje av han. I tillegg tok han på seg mange verv og oppgåver på fritida.

– No i ettertid har vi forstått at han grov seg ned i arbeid for å halde minna frå krigen på avstand, seier Olav.

Sverre Aas som soldat

I UNIFORM: Sverre Aas.

Foto: privat

For minna var svært så dramatiske, skulle det vise seg. På 1980-talet fekk Sverre Aas invitasjon til ei samling i Valdres for dei som hadde vore med på kampane der og som overlevde krigen.

– Kom for dagen, bit for bit

Då kom dramaet for dagen, bit for bit. Men først etter at faren døydde i 2000 fekk dei samla dei fleste puslespelbitane, mellom anna gjennom skriftleg dokumentasjon faren etterlet seg, og ved å lese bøker og artiklar om det som hende i aprildagane for 75 år sidan.

Sverre Aas var fødd i Leirvik i Hyllestad i 1914, men i 1927 flytta familien til Voss. Småbruket på Ås gav ikkje nok til å brødfø ein familie med seks born. Difor vart Voss heimstaden hans i ungdomsåra. Frå 1927 til 1933 pakta foreldra ein gard på Sætre på sørsida av Vangsvatnet. Då denne garden vart seld flytta dei til Palmafossen.

Familien Aas ca. 1927

LUKKELEG FAMILIE: Familien Aas samla på Sætre i 1931. Ståande: Maria, Aslaug, Sverre, Sunneva og Olav. Sitjande: Svanhild, Sigfrid og Johannes.

Foto: privat

Sverre tok lærarutdanning og var 26 år gamal då tyske styrkar inntok Norge 9. april 1940. Han var mellom dei som vart mobilisert, og han og mange andre vestlendingar fekk i oppgåve å prøve å stanse den tyske framrykkinga i Valdres.

Ved Bagn fann dei ein stad som var svært godt eigna til å hindre tyskarane i å passere, og der sette dei seg fast. Men ei tysk avdeling tok seg over ein ås og heldt på å omringe dei. Då fekk Sverre Aas som var lagførar for eit lag på ti mann i oppgåve å jage dei unna.

Fotbladet vart rive av

Dei gjekk opp ei bratt li, Gråbeinhølet, for å møte tyskarane. Sonen Olav fortel at dei lukkast i dette oppdraget, men det kosta dei dyrt.

– Tyskarane var betre utstyrte, mellom anna hadde dei handgranatar. Ein granat landa i snøen rett framfor far. Heldigvis sokk han djupt ned i den blaute snøen, og det berga nok livet hans, men granaten eksploderte så nær at fotbladet hans vart rive av, skoen forsvann, og han braut to bein i leggen.

Bokframside Sverre Aas

PÅ BOKOMSLAG: Soldaten nærast på denne teikninga er Sverre Aas. Teikninga er på framsida av ei bok skriven av Andreas Hauge med tittelen «Valdres 1940. Kampen i Gråbeinhølet på Bagnsbergene gård og ved Breidablikk».

Av dei ti i laget til Aas miste fire livet, fire vart skadde, berre to kom uskadde frå trefninga. Og dei hadde ikkje sanitetsfolk til å hjelpe seg.

– Far åla seg ned ei elv som heiter Sagbekken, i issørpe. Slik eg har oppfatta det kraup han vel ein kilometer nedover. Ein gong på vegen ned hadde han tenkt å gå opp av elvefaret, handa kom vel først opp, og då vart tommelen på venstra handa skoten av.

Men Sverre kom seg ned til dei norske styrkane og fekk hjelp av sanitetsfolk. Han vart send den lange vegen over Filefjellet til Lærdal sjukehus, sikkert ei smertefull oppleving på humpete veg i vårløysinga.

Såra tyskarar på andre sida av gangen

Og i Lærdal vart han liggande lenge. Han vart først operert og låg i fem veker, så måtte han opererast på ny og låg i fem veker til, fortel Svanlaug.

Og det var under opphaldet på Lærdal sjukehus Sverre Aas hadde si verste oppleving. Dette fortalde han sjølv i eit radiointervju Ottar Starheim gjorde med han i mai 1992. Han døydde i 2000.

– Lat oss hugse at dette var i 1940 med det gamle huset, så det var ganske lytt, vi fylgde godt med på det som skjedde. Då eg vakna etter første operasjonen kom sjukepleiar Anna Slettemark og sa at seks av dei såra tyske soldatane vi hadde vore i kamp med to dagar før låg på andre sida av gangen.

– Akkurat det er det verste eg opplevde på dei åra, at der ligg dei som hadde drepe kameratane våre. At vi hadde såra dei var berre ein bagatell.

Olav og Sunneva Aas - brurebilete

OLAV OG SUNNEVA: Brurebilete av foreldra til Sverre Aas.

Foto: privat

Fekk granatsplint i hovudet

Berre to dagar etter at Sverre Aas kom til Lærdal skjedde det fatale heime på Voss. Vossevangen vart bomba av tyske fly. Faren, 50 år gamle Olav Aas, var med i Sivilforsvaret og det friviljuge brannkorpset og var med på å prøve å sløkkje brannane som oppstod, fortel sonesonen med same namnet.

– Den 23. april kom to tyske bombefly frå Sola, dei var der i åttetida om morgonen, dei sleppte både vanlege sprengbomber og brannbomber. Omtrent alt av Vangen aust for kyrkja vart bomba ned, bortimot 90 hus vart øydelagde, og 1000 menneske vart huslause.

Voss etter bombinga i april 1940

STORE ØYDELEGGINGAR: Rundt 90 hus på Vossevangen vart øydelagde under bombinga 23. april 1940.

To personar omkom under bombinga av Vossevangen, ein av dei var Olav Aas.

– Han vart treft av ein granatsplint i hovudet og døydde momentant. Det var i grunnen eit under at ikkje fleire omkom, seier sonesonen.

Ville skåne sonen

Men det at faren var død gjekk det lang tid før Sverre Aas fekk vite, der han låg på Lærdal sjukehus. Først den 21. mai, nesten ein månad seinare, fekk han brevet frå mora, der ho fortalde om dramaet.

Du har vel inkje frett at far er død, eg tykte inkje eg kunde skriva det i første brevet, du hadde so nokk likevel daa. Han var på Vangen den dagen der var bombeaatak, det var vist ein granatsplint han hadde faat i hove,...

Brev til Sverre Aas mai 1940

DØDSBODSKAPEN: Dette brevet fekk Sverre Aas 21. mai 1940, nesten ein månad etter at faren var død.

Mora, Sunneva Aas, tok det svært tungt at ektemannen omkom og sonen vart hardt skadd.

– Ho kom seg vel aldri over dette sjokket, ho døydde i februar 1943. Ho var sterkt prega av det som hadde skjedd, og det gjekk også innpå far at mora hans hadde det såpass tungt. Det har medverka til at det måtte gå så mange år før han tok det oppatt, seier Olav Aas.

Å snakke om det som hende i krigsåra var sjølv på eldre dagar vanskeleg for Sverre Aas, men han skreiv det ned i eit livsminne som han etterlet seg.

Aktiv og sentral motstandsmann

Der kjem det fram at han slett ikkje var ferdig med krigsinnsatsen sin med desse få aprildagane i Valdres i 1940. Dei to siste åra av krigen var han ein svært sentral og aktiv brikke i motstandskampen.

Sverre Aas

LÆRAR OG MOTSTANDSMANN: Sverre Aas kartla tyske anlegg.

Han var lærar i Hernar i Øygarden i Hordaland. Sonen Olav meiner at han vart plassert der av Milorg av strategiske omsyn. I tillegg til lærargjerninga reiste han rundt som emissær, men på desse turane hadde han augene med seg.

– Han var med i Marinens etterretningsvesen og Sjømilitære beredskapsteneste. Arbeidet var å registrere tyske festningsanlegg og tyske område frå Sunnfjord og nedover til Stord.

– Han kartla, han tok mange bilete, og han laga iallfall 26 skisser over område der tyskarane hadde befesta seg. I tillegg kartla han forflytting av tyske troppar, og han hadde ansvar for å plassere våpen som Shetlandsbussane kom med. Folk som måtte flykte over Nordsjøen var han med på å skaffe husrom medan dei venta på skyss, fortel Olav Aas.

– Han hadde fleire pass og dekknamn, og han var mykje i Bergen, der han hadde ein slags base på Hordaheimen, fortel Svanlaug Aas Linde.

Ein gong miste han eitt av passa, så han var i grunnen heldig som ikkje vart teken, seier Olav.

Drog hornmine etter robåt

Alt Sverre Aas var med på under krigen gjekk ut over helsa hans. Det første fredsåret var han sjukemeld, mellom anna med magesår. Men særleg skvetten av seg kan han ikkje ha vore. Det viser ei hending i 1947.

Då var han lærar i Brekke, han var og områdesjef i Heimevernet, og der var han med på å skipe folkeakademi. Den dagen dei skulle ha det første møtet fekk dei vite at det hadde drive inn ei stor hornmine i løpet av natta, fortel Olav Aas.

– Mina var sikkert ein meter i diameter. Ho la seg til i fjøresteinane, og dei var redde for at ho skulle eksplodere og gjere stor skade.

Dei ringde til Sjøforsvaret, men det tok tid å sende ein båt til Brekke, den ville ikkje vere framme før på ettermiddagen.

– Då tok far og Sigurd Takle ein robåt og rodde bort til mina. Sigurd rodde, og far festa eit tau rundt hornmina, og så rodde dei midtfjords. Der låg dei og heldt på mina til Sjøforsvaret kom.

Dei rodde til lands for å nå møtet i folkeakademiet. Då talaren for kvelden var komen på talarstolen, vart mina sprengd. Vassøyla stod 100 meter over Sognefjorden.

– Det vart ein skikkeleg salutt for starten av folkeakademiet i Brekke. Men far skreiv om hendinga at her var nok lukka betre enn vitet. Og dette var den siste militære handlinga hans. Då var han løytnant.

Mannen bak dagens skulestruktur

Sverre Aas gifte seg med Gunvor f. Handal frå Leirvik, og dei fekk tre born i løpet av to og eit halvt år.

Han vart skulestyrar i Leirvik, der han hadde levd dei første 13 åra sine, og der dei tre borna hans også fekk sine første leveår. I 1963 vart han tilsett som konsulent hjå skuledirektøren i Sogn og Fjordane med Leikanger som arbeidsstad.

Familien fekk seg ikkje hus der første tida, så dei budde på Slinde, men flytta etter kvart til Hermansverk. I 1971 vart Sverre Aas tilsett som fylkesskulesjef, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 1981.

Han er mannen som utarbeidde planen for den desentraliserte strukturen vi har i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane, ein struktur som har vore under sterkt press dei siste åra.